Slik gjer du det
Søk om anerkjenning av farskap eller medmorskap fastsett i utlandet
Farskap eller medmorskap fastsett i utlandet kan anerkjennast i Norge.
Innhald på sida
I dette kapittelet
Farskap eller medmorskap fastsett i utlandet kan anerkjennast i Noreg.
Når ei avgjerd om farskap eller medmorskap frå utlandet blir anerkjent i Noreg, vil faren eller medmoren få dei same rettane og pliktene som ein foreldreskap registrert i Noreg.
Desse rettane og pliktene blir då lagt til grunn i alle samanhengar der farskap eller medmorskap er av betydning.
Dersom farskapet eller medmorskapet for barnet ditt er fastsett utanfor Norden, kan du søke om at den utanlandske avgjersla vert anerkjent i Norge.
Du kan også søke om anerkjenning av utanlandske avgjersler om endring av farskap eller om frifinning for farskap.
Det er ikkje naudsynt å søke om anerkjenning når
- du og den andre forelderen var gift då barnet vart fødd. Farskap eller medmorskap følger då i dei aller fleste land direkte av ekteskapet, dette kallar vi «pater est»-regelen. Farskapet eller medmorskapet vert då sett på som å følge direkte av utanlandsk lov. Foreldra må kontakte Skatteetaten dersom ekteskapet er inngått i utlandet, og dette ikkje er registrert i Norge.
- farskap eller medmorskap er fastsett ved rettskraftig dom eller erklæring i eitt av de nordiske landa (Danmark, Finland, Island og Sverige). Då må du kontakte Skatteetaten og registrere farskapet eller medmorskapet i Norge.
Aktuell informasjon
Meir informasjon til deg som
Dette må du legge ved søknaden
- Barnets fødselsattest. Viss du kan, legg du ved ein internasjonal eller utvida versjon, som viser korleis farskapet eller medmorskapet vart fastsett.
- Viss fødselsattesten ikkje inneheld informasjon om korleis farskapet eller medmorskapet vart fastsett, må du sende inn tilleggsdokumentasjon som viser dette. Dette kan til dømes vere ei erklæring, ein dom eller eit forvaltningsvedtak.
Dokumenta skal vere originaldokument. Dersom du ikkje vil sende inn originaldokument, kan du sende inn dokument som ein norsk utanriksstasjon eller utanlandske myndigheiter har stadfesta som kopiar.
I tillegg må enten fødselsattesten eller dokumentasjonen på fastsettinga av farskapet eller medmorskapet ha apostillestempel, eller vere legalisert av landets utanriksdepartement.
Dokument på andre språk må omsettast til norsk eller engelsk av en statsautorisert omsettar.
Etter at vi har behandla søknaden din
Når søknaden din er behandla, vil Nav sende vedtaket til Skatteetaten for registrering dersom farskapet eller medmorskapet vert anerkjent.
Oppdatert 30.05.2024