Møtereferat 13. februar 2023
Referat frå møte i brukarutvalet på tolkeområdet ved NAV Hjelpemiddelsentral Vestland.
Sak 01/23: Godkjenning av møteinnkalling
Sakslista blei godkjend.
Sak 02/23: Informasjon frå NAV Hjelpemiddelsentral Vestland
Orienteringssaker frå tolketenesta. Mirza og Therese orienterte.
Arbeidsplanar
Ordninga med bruk av arbeidsplanar er godt i gang. Frå januar har tolketenesta hatt to tolkar på jobb frå klokka 13 til 21 kvar tysdag og onsdag, som er dagane med flest oppdag på kveldstid.
Den første arbeidsplan-perioden går ut i mars. Oppstarten av ordninga har gått greitt. Det var få oppdrag i starten av januar, men talet har auka utover i januar og februar. No har vi fleire kveldsoppdrag enn vi klarar å dekke. Bestillingane har vore varierte, med tolking innan arbeid, helse, foreldreoppfølging på skule og i idrett og meir.
Ordninga med arbeidsplanar gjer at arbeidstida for tilsette tolkar kan leggast til både kveldar og helger. For at dei tilsette skal vite kva arbeidstid dei har tidleg nok, må arbeidsplanane vere klare i god tid for ein ny periode startar.
No planlegg vi arbeidsplanen for perioden som startar 11. april og går fram til sommarferien i juni. Vi ber dykk derfor om å oppfordre medlemmene om å sende inn bestillingar til konfirmasjonar, bryllaup, møte, festar og anna som dei veit skal skje på kveldstid eller i helger. Dersom vi får bestillingane tidleg nok, kan vi prøve å dekke dei gjennom arbeidsplanen. Vi har allereie fått ein del bestillingar på laurdagar og søndagar i neste periode, og desse tek vi med i planlegginga.
Bestillingar til kveld og helg som vi mottek etter at planen skal vere klar, blir behandla på vanleg måte. Vi prøver sjølvsagt å skaffe tolk til desse oppdraga også.
Det blir ikkje satt opp arbeidsplanar i sommar. Vi håpar å fortsette med arbeidsplanar igjen frå hausten -23. Dette veit vi meir om i august, når vi har oversikt over kor mange som treng tolk til høgare utdanning frå hausten av. Då kan vi gjere ei ny vurdering av det samla tolkebehovet og kva tid på døgnet det er mest behov for tolking.
Bruken av kveldsvakter har foreløpig ikkje virka negativt på statistikken. Dekningsgraden for oppdrag på dagtid ligg på over 90 %. Dette er betre enn hausten -22, då vi ikkje hadde starta med arbeidsplanar enno.
Tolketenesta ønsker at ordninga med arbeidsplanar skal fungere best mogleg for alle. Organisasjonane blir oppfordra om å spele inn både positive og negative tilbakemeldingar frå medlemmene.
Ressursgruppe for tolking til og frå engelsk
Fagutviklingsgruppa på tolkeområdet vil etablere ei ressursgruppe som skal jobbe med tolking til og frå engelsk. Gruppa har bedt tolketenestene om å melde inn kandidatar. Dei ønsker seg tolkar som har god kompetanse og kan bidra til fagutvikling på området. Tolketenesta i Vestland har meldt inn ein av tolkane som sin kandidat.
Tolkeformidlingsnettverk
Det er oppretta eit nasjonalt nettverk for tolkeformidling. Formålet er at tenesteopplevinga av tolketenestene i landet skal bli meir lik. Nettverket skal bidra til at lovverket blir tolka likt, og at praksis og rutinar blir samordna. Dette vil gjere tolketenestene meir einsarta, og sikre at alle får same moglegheiter og tilbod uavhengig av kvar dei bur i landet. Arbeidet i nettverket skal vare i minst 2 år.
Her er nokre av områda nettverket skal jobbe med: tilrettelegging, avklaringar, spørsmål rundt behov, mottak av bestillingar, dialog med brukarar, dialog med andre bestillarar, dialog med tolkar, tildeling av tolkar og informasjonsarbeid.
Oppfølgingsspørsmål frå Irene, Bergen Døvesenter: Kan de seie litt meir om informasjonsarbeidet? Er dette noko tolketenesta tilbyr sjølv, eller noko ein må be om?
Svar frå tolketenesta: Begge deler. Av og til er det vi som ser at det trengst informasjon. Eksempel på dette kan vere når «nye» arbeidsplassar skal begynne å ha tolkar på møte og liknande, eller ved oppstarten av ei utdanning der det vil vere tolkar i klasserommet. Andre gonger blir tolketenesta kontakta av personar som ønsker informasjon frå oss. Det kan vere ein organisasjon eller eit offentleg kontor som skal bestille tolk for første gong, og ikkje kjenner til tenestene våre. Det kan også vere erfarne tolkebrukarar som ønsker at høyrande tolkebrukarar skal få informasjon, for eksempel under eit møte det er bestilt tolk til.
Det er berre å ta kontakt dersom ein meiner det trengst informasjon frå oss, så finn vi ei løysing saman.
Skjermtolking
Det er eit ønske frå sentralt hald at vi skal tolke meir på skjerm. Målet er å utnytte ressursane best mogleg. Skjermtolking gjer at vi kan dekke fleire oppdrag i eige fylke, og at tolketenestene kan dekke oppdrag for kvarandre når dei har ledige tolkar.
Vi ser at nokre tolketenester skjermtolkar meir enn vi gjer i dag. Vi vil derfor undersøke om vi har noko fleire oppdrag som eigner seg til skjermtolking. Dette ønsker vi sjølvsagt å gjere i dialog med de som brukar tolk. Vi veit at skjermtolking ikkje passar på alle oppdrag, så dette handlar om å finne dei oppdraga der skjermtolking passar godt.
Innspel frå Irene, Bergen Døvesenter: Under pandemien fekk vi mykje erfaring med skjermtolking, og det fungerte ofte kjempebra. Men sjølv når oppdragstypen eigenleg passar til skjermtolking, kan det vere vanskeleg. Nokre personar kan oppføre seg veldig annleis når vi brukar skjermtolk i staden for oppmøtetolk. Dette er kanskje personar som ikkje er vande med å bruke tolk. Då kan det vere krevjande å få samtalen til å flyte.
Svar frå tolketenesta: Dette er ein av grunnene til at vi må vere i dialog om kva oppdrag det passar å dekke med skjermtolkar. Dersom de bestiller tolk til oppdrag der det ikkje passar med skjermtolk, anbefaler vi at de gjev beskjed til tolketenesta. Det gjeld både når oppdragstypen gjer det vanskeleg å bruke skjermtolk, og når det er andre forhold som speler inn.
Honorering av frilanstolkar
Det er utarbeidd ein rapport om honoreringssystemet for frilanstolkane: Helhetlig gjennomgang av honorarsystemet for frilanstolker. Rapporten er no ute til høyring, med høyringsfrist 4. april. Rapporten ligg på regjeringa sine nettsider. Den er omfattande, men opnar med eit kortfatta samandrag med dei viktigaste konklusjonane.
Rapporten foreslår å endre honorarsystemet for frilanstolkane. Det blir mellom anna foreslått å auke lønnstrinnet for utrekning av honorar og auke tillegga for ugunstig arbeidstid. Endringane kan gjere det mogleg å dekke fleire tolkeoppdrag, fordi fleire frilanstolkar kan ha yrket på heiltid og stå i yrket over lenger tid.
I dag har dei fleste områda utanfor det sentrale Austlandet litt for dåleg tilgang på frilanstolkar. God tilgang på frilanstolkar er viktig for at vi skal kunne levere så gode tenester som mogleg. Vi er derfor spente på kva rapporten kan føre til.
Rapporten ligg på regjeringa sine nettsider.
Kollegarettleiing
Fire av tolkane våre har tatt utdanning innan rettleiing ved OsloMet. I fjor starta dei med grupperettleiing av kollegaer på tolketenesta. Her kan tolkane ta opp spørsmål frå arbeidskvardagen som dei ynskjer å få rettleiing på. Dette er eit godt tilbod som mange av tolkane deltek på.
Sak 03/23: Eventuelt
Oppfordring om å sende inn saker:
Tolketenesta oppfordrar organisasjonane om å sende inn saker til møta i brukarutvalet. Ingenting er for smått eller stort. Tolketenesta får relativt få direkte tilbakemeldingar frå dei som brukar tolk, så organisasjonane er eit viktig bindeledd mellom oss og medlemmene. De som er med i utvalet møter mange og veit kva som rører seg, og utvalet er ein god arena for å ta opp tilbakemeldingar de får.
Kort diskusjon om korleis medlemmene i organisasjonane kan involverast meir.