Reparasjon av hjelpemiddel
Samarbeid mellom kommunen og NAV Hjelpemiddelsentral
Reparasjonar skal som hovudregel gjerast av kommunen. Når reparasjonar krev spesifikk fagleg kompetanse som det ikkje er forventa at kommunen har, skal NAV Hjelpemiddelsentral utføre dei.
Kommunen skal gjennomføre ei teknisk vurdering, og i samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentral avgjere korleis kvar einskild sak kan løysast mest mogleg effektivt.
Kommunen har ansvar for å finne alternative løysingar for brukaren medan hjelpemiddel er til reparasjon.
Kommunen skal melde frå til teknisk ordrekontor på NAV Hjelpemiddelsentral, om alle reparasjonar som tilsette i kommunen ikkje kan gjere sjølv. Det er viktig at kommunen beskriv behovet for reparasjon tydeleg, sånn at hjelpemiddelsentralen raskt kan bestille delar eller gjere andre naudsynte førebuingar.
Kommunen må også melde frå til tekniske ordrekontor når det er behov for reparasjon av hjelpemiddel som er under 3 år gamle og framleis har garanti.
Merking av hjelpemiddel som skal reparerast
Kommunen har ansvar for å sende hjelpemiddel som ikkje er fastmonterte til NAV Hjelpemiddelsentral for reparasjon. Skjemaet «Bestilling av reparasjon eller demontering» skal fyllast ut og leggjast ved hjelpemiddelet. Det er viktig at hjelpemidla er godt emballerte og merkte. Det er med på å gjere transporten sikker og reparasjonstida kortare.
Småhjelpemiddel og hjelpemiddel innan sansetap som skal sendast til reparasjon, skal vere godt emballerte og ha korrekt merking. Bruk gjerne original emballasje eller tilsvarande. Når småhjelpemiddel vert sende med kommunal transport, skal hjelpemidla leggjast i konvolutt eller plastlomme saman med fraktbrev eller teknikkskjema. I tillegg skal dei merkast med gul lapp.
Tips og råd om reparasjonar
Kommunen har ansvar for å utføre enklare og middels kompliserte reparasjonar. Dersom kommunen treng hjelp til å gjennomføre reparasjonen sjølv, kan den kontakte teknisk ordekontor på NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen. Hjelpemiddelsentralen kan gje rettleiing både via telefon- og videosamtale.
Kunnskapsbanken sine nettsider viser døme på reparasjonar kommunane skal utføre sjølve. Her er også sjekklister og råd om feilsøking på ulike produktområde.
Prioriteringar og ventetider for reparasjonar
NAV Hjelpemiddelsentral utfører service og reparasjonsoppdrag fortløpande. Dei fleste reparasjonane skal vere utførte innan sju dagar.
Reparasjonsoppdrag vert prioriterte etter sentrale føringar. Oppdraga vert utførte av tilsette ved hjelpemiddelsentralen eller av eksterne samarbeidspartnarar.
Kategoriar for prioritering av reparasjonsoppdrag:
- Akutt behov for reparasjon grunna fare for liv og helse. Oppdraga skal utførast innan 24 timar.
- Andre reparasjonsoppdrag. 80 % av oppdraga skal vere utførte innan sju dagar frå NAV Hjelpemiddelsentral mottek hjelpemidla frå kommunen.
- Reparasjonsoppdrag der brukaren har gjort avtale med NAV Hjelpemiddelsentral om å få hjelpemiddelet reparert innan ei bestemt tid.
Individuell avtale om tidspunkt for reparasjon
Teknisk ordrekontor ved NAV Hjelpemiddelsentral kan gjere individuelle avtaler om tid for levering og henting av hjelpemiddel som skal reparerast. Ved reparasjon av rullestolar eller andre hjelpemiddel brukaren kan sitje i, må kommunen skaffe erstatningsstol og naudsynt bistand til å flytte mellom hjelpemidla. Brukaren kan ikkje sitje i hjelpemiddelet under sjølve reparasjonen.
Garantireparasjon
Hjelpemiddel som er under 3 år har garanti. Garantien sikrar at hjelpemiddelet vert reparert utan ugrunna opphald, men reparasjonen kan ta lenger tid enn vanlege reparasjonar. NAV Hjelpemiddelsentral kan byte enkelte hjelpemiddel for at brukaren skal sleppe å vere lenge utan hjelpemiddelet.
Akutt reparasjon
Ordninga med akutt reparasjon gjeld alle dagar mellom kl. 08 og kl. 24. Ordninga omfattar alle hjelpemiddel som er utlånte frå NAV og som kan sette brukaren i ein naudsituasjon ved funksjonsfeil eller samanbrot.
Reparasjon under opphald i andre fylke eller land
Brukarane skal få reparasjon av hjelpemiddel i kommunen eller fylket dei oppheld seg i. Brukarar som skal ha med seg hjelpemiddel på reise til utlandet, bør kontakte NAV Hjelpemiddelsentral før avreise.
Reparasjon under opphald i andre fylke
Kommunen og NAV Hjelpemiddelsentral i området der brukaren oppheld seg, har ansvar for å hjelpe brukaren med reparasjon av hjelpemiddel. Reparasjonen skal som hovudregel utførast av kommunen. Når tenesta krev spesifikk fagleg kompetanse som det ikkje er forventa at kommunen har, skal NAV Hjelpemiddelsentral utføre reparasjonen.
Reparasjon under opphald i utlandet
Brukarar som skal ha med seg hjelpemiddel på reise til utlandet, bør kontakte NAV Hjelpemiddelsentral i god tid før avreise. Brukaren og NAV Hjelpemiddelsentral vurderer saman kva tiltak som kan gjerast for å forebygge problem som kan oppstå under opphaldet.
Døme på tiltak:
- Hjelpemiddelet vert teke inn til kontroll og ettersyn.
- Brukaren får med seg reservedelar til utlandet.
- Brukaren får med seg instruksjonshefte med tekniske spesifikasjonar.
- Brukaren og/eller person som skal følgje brukaren under opphaldet får opplæring i reparasjon av hjelpemiddelet.
Reparasjon av datatekniske hjelpemiddel
Personar med oppfølgingsansvar for datatekniske hjelpemiddel skal gje brukarane teknisk bistand først. NAV Hjelpemiddelsentral kan utføre reparasjonar som personen med oppfølgingansvar, eller kommunen brukaren bur i, ikkje klarer å løyse.
Personar kan få spesialtilpassa datautstyr eller spesielt tilrettelagt programvare som hjelpemiddel.
Dei ansvarlege på den arenaen hjelpemiddelet skal brukast, må dokumentere at ein person får ansvar for å følgje opp utstyret. Dersom det oppstår feil på utstyret eller brukaren har behov for annan teknisk bistand, skal personen med oppfølgingsansvar kontaktast først.
Dersom personen med oppfølgingsansvar, eller kommunen brukaren bur i, ikkje klarer å løyse dei tekniske utfordringane, kan hjelpemiddelsentralen gje bistand eller gjennomføre reparasjon av utstyret.
NAV Hjelpemiddelsentral har ikkje ansvar for pedagogisk programvare som vert installert på datautstyret. NAV Hjelpemiddelsentral har heller ikkje ansvar for at det det vert tatt sikkerheitskopi av datasystemet.