Velkomen!
Helsing frå Silje-Iren Netteland Olsen, avdelingsdirektør ved Nav hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen.
Det er ei stor glede å ønskje deg velkomen til nyheitsbrevet vårt. Nyheitsbrevet inneheld aktuell informasjon for deg som brukar eller jobbar med hjelpemiddel, eller av andre grunnar er oppteken av hjelpemiddel og tilrettelegging.
Å ha god dialog med samarbeidspartnarane våre er viktig for oss. Informasjonen i nyheitsbreva kjem som eit tillegg til den direkte dialogen mellom oss. Eg håper du vil oppleve nyheitsbreva vi sender framover som relevante og nyttige for deg.
Kven er vi?
Arbeids- og velferdsdirektoratet (Nav) er ein stor organisasjon og hjelpemiddelsentralane er ein del av arbeid- og tenestelinja. Nav hjelpemidler og tilrettelegging har vel 1300 tilsette fordelt på 14 Hjelpemiddelsentralar og Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen er ein av desse 14 sentralane.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen er eit ressurs- og kompetansesenter med vel 125 tilsette. Vi har spisskompetanse innafor eit breitt spekter av fag, som til dømes elektronikk og mekanikk, ergo- og fysioterapi, sjukepleie, jus, optometri, pedagogikk og tolking. I nyheitsbreva framover kjem vi til å presentera tilsette på sentralen
I utgangspunktet er det ein sentral i kvart fylke, men i Vestland er det to sentralar. Sentralen i Bergen dekkjer kommunane i tidlegare Hordaland, mens sentralen i Førde dekkjer kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane. Tilsette og leiing jobbar tett saman for å sikre eit godt tenestetilbod i Vestland. Eit godt eksempel på god tverrfagleg samhandling er innan fagområde arbeid. Her arbeidar tilsette på sentralane i Førde og Bergen svært godt saman og får til mykje bra saman med brukarane av tenestene våre.
Gode tenesteopplevingar
Nav sin visjon er å gje menneske moglegheiter. Visjonen ligg i botnen for arbeidet vi gjer i dag og for tenestene vi utviklar for framtida. Vi skal gje brukarane av tenestene gode tenesteopplevingar og gjere tenestene meir tilgjengelege gjennom digitale løysingar.
I dette nyheitsbrevet kan du lese meir om digitale søknadar, som er eit godt eksempel på ei digital løysing som vil gjere tenestene våre betre. Løysinga er under utvikling, og saksbehandlingstida varierer noko. I enkelte saker er behandlingstida svært kort, andre gonger tek den for lang tid. Dette er vi klar over og det vert jobba med ulike løysingar.
Gode tenester krev at vi har god dialog med dei vi samarbeider med. Vi samhandlar tett med både kommunar, leverandørar og andre faginstansar. Vi er også så heldige at vi har eit godt samarbeid med brukarorganisasjonane. Vi har eit områdeutval, som jobbar med saker som gjeld alle områder av sentralens arbeid. Vi har i tillegg eigne brukarutval på både tolkeområdet og bilområdet. Skal vi ha eit truverdig arbeid knytt til tenesteoppleving er det viktig å ha ein god samhandling med brukarorganisasjonane.
Takk for at du abonnerer på nyheitsbrevet vårt! Viss du veit om fleire som kan ha nytte av det, kan du gjerne tipse dei om påmeldingssida til nyheitsbrevet.