Publisert 1. desember 2022
Det legemeldte sjukefråværet i Møre og Romsdal 3. kvartal 2022 var 4,9 prosent, same som i 3. kvartal i fjor. I landet er sjukefråværet no 4,6 prosent.
Stor auke i sjukdomar i luftvegane
Som i 2. kvartal, er det ei stor auke i fråværet grunna sjukdom i luftvegane. Samanlikna med 3. kvartal 2021 er det ei auke i tapte dagsverk frå 20 855 til 30 330. Tapte dagsverk grunna sjukdom i luftvegane utgjer no 8,5 prosent av det totale fråværet.
Sjukefråværet er høgast for dei med muskel- og skjelettlidingar, 37,3 prosent av fråværet skuldast lidingar med desse diagnosane. Sjukefråvær grunna psykiske lidingar utgjer 21,7 prosent av fråværet.
Les heile pressemeldinga om sjukefråværet i Møre og Romsdal 3. kvartal 2022