Publisert 29. februar 2024
I fjerde kvartal 2023 auka det legemeldte sjukefråværet i Møre og Romsdal frå 5,9 prosent til 6,1 prosent samanlikna med same kvartal i 2022. Fråværet innan psykiske lidingar held fram med å auke, medan det er flest tapte dagsverk innan muskel- og skjelettlidingar. Høgast fråvær er det i kommunal sektor med 7,8 prosent.
Sjukefråværet i Møre og Romsdal har auka med over 1 prosentpoeng sidan 2016, frå omtrent 5 prosent i 4. kvartal 2016 til over 6 prosent 4. kvartal 2023. Den same utviklinga har vi samla for landet.
Redusert sjukefråvær i kommunal forvaltning
Innan sektorane, statleg forvaltning, kommunal forvaltning og privat og offentleg næringsverksemd er det framleis høgast sjukefråvær i kommunal sektor. Der er sjukefråværet 4. kvartal 2023 på 7,8 prosent. I statleg forvaltning er fråværet i same periode 6,5 prosent, medan det var 5,5 prosent innan offentleg og privat næringsverksemd.
Det siste året har sjukefråværet i desse sektorane utvikla seg ulikt. I offentleg og privat næringsverksemd har sjukefråværet det siste året auka med 5,5 prosent. I statleg forvaltning er auka i same periode på 2,1 prosent, medan det i kommunal forvaltning har vore ein reduksjon i sjukefråværet på 0,8 prosent.
Framleis auke i psykiske lidingar
Psykiske lidingar held frå med å auke. I 4. kvartal 2022, tapte vi 96 317 dagsverk i Møre og Romsdal grunna psykiske lidingar. 4. kvartal 2023 auka talet på tapte dagsverk til 102 448, ei auke på 6,4 prosent. Går vi tilbake til året før koronapandemien, 4. kvartal 2019, var talet på tapte dagsverk med diagnosar innan psykiske lidingar 76 631.
Flest tapte dagsverk er det framleis for diagnosar innan muskel- og skjelettlidingar med 152 494. Dette er om lag det same som i 2022, men lågare enn i åra før.
Pressemelding om sjukefråværet i Møre og Romsdal 3. kvartal 2023