Publisert 2. juni 2022 | Oppdatert 2. juni 2022
Det legemeldte sjukefråværet i Møre og Romsdal 1. kvartal i år var 6,5 prosent, noko som er ei auke på 8,4 prosent samanlikna med same kvartal i fjor. Auken skuldast i hovudsak korona.
Som i dei to føregåande kvartala aukar sjukefråværet i første kvartal 2022 i alle fylkar når ein samanliknar eit år tilbake i tid. I Møre og Romsdal har fråværet gått opp med 8,4 prosent, som er noko mindre enn auken i landet på 12,7 prosent.
Koronarelatert sjukefråvær
Det er særskilt sjukefråvær knytt til korona som er høgt det første kvartalet i år. 22,5 prosent av sjukefråværet skuldast sjukdommar i luftveiene, mot 7,8 prosent i 1. kvartal 2021. Sjukefråvær grunna psykiske lidingar utgjer 19,5 prosent av alle tapte dagsverk. Fråværet i denne diagnosegruppa har auka dei siste åra, men i dette kvartalet er det ein svak nedgang.
Nye sjukmeldingar grunna Covid-19 relaterte sjukdommar har gått kraftig ned gjennom kvartalet, og etter veke 20 er talet så lågt at det ikkje lengre vert publisert. Men gjennom kvartalet har det vore høgt og ført til at det totale sjukefråværet og er høgt. Det høgste talet på nye Covid-19 relaterte sjukdommar hadde vi i veke 8, med 1 637 nye tilfelle. Til samanlikning var det i veke 8 totalt 2 667 nye sjukmeldingar for alle diagnosar.
Pressemelding frå Nav Møre og Romsdal om sjukefråværet 1. kvartal 2022