Publisert 30. november 2023
I 3. kvartal var det legemeldte sjukefråværet 4,9 prosent i Møre og Romsdal. Dette er 1,5 prosent opp frå same kvartal i 2022. Landet samla sett hadde eit sjukefråvær på 4,8 prosent.
Aukar minst i landet dei siste to kvartala
Sidan 2015 har sjukefråværet i Møre og Romsdal vore høgare enn landssnittet. Møre og Romsdal hadde i 3. kvartal sjukefråvær på 4,9 prosent mot 4,8 prosent for heile landet. Det siste året har sjukefråværet på landsbasis auka med 4,5 prosent, medan det i Møre og Romsdal har auka med 1,5 prosent. Dette er om lag same utvikling vi fann førre kvartal.
Sjukefråværet i Møre og Romsdal var 2,1 prosent høgare enn landssnittet i 3. kvartal 2023. Vi må tilbake til 3. kvartal 2017 for å finne ein mindre skilnad på landet og vårt fylke. Då var sjukefråværet 1,8 prosent høgare i Møre og Romsdal enn landsnittet.
Framleis auke i psykiske lidingar
Psykiske lidingar aukar framleis. For eit år sidan tapte vi 77 652 dagsverk grunna psykiske lidingar. I siste kvartal er tapte dagsverk auka til 84 214, ei auke på 8,5 prosent. Psykiske lidingar er årsak til 23,4 prosent av alle tapte dagsverk. Muskel- og skjelettlidingar er den andre diagnosegruppa som har over 10 prosent av sjukefråværet, der delen av det totale fråværet er 37,2 prosent.
Les heile pressemeldinga frå Nav Møre og Romsdal om sjukefråværet 3. kvartal 2023