Publisert 7. september 2023
Det legemeldte sjukefråværet i Møre og Romsdal 2. kvartal 2023 var 5,8 prosent, noko som er 1,5 prosent høgare enn i same kvartal i fjor. Samla for landet var sjukefråværet 5,5 prosent.
Sjukefråværet i Møre og Romsdal aukar mindre enn i andre fylker
Sjukefråværet i Møre og Romsdal har sidan 2015 vore høgare enn gjennomsnittet for landet. I andre kvartal 2023 var sjukefråværet i Møre og Romsdal 5,8 prosent, medan fråværet i landet var 5,5 prosent. Det samla sjukefråværet for landet har det siste året auka med 4,7 prosent, medan det i Møre og Romsdal aukar med 1,5 prosent. Nest lågast auke har Nordland med 2,2 prosent. Mest auke har Trøndelag med 7,5 prosent det siste året. Tross dette har Trøndelag framleis 0,1 prosentpoeng lågare sjukefråvær enn Møre og Romsdal.
Sjukefråværet går ned i mange av kommunane i fylket samanlikna med 2. kvartal i fjor. Til dømes har Kristiansund og Molde ein nedgang på meir enn 2 prosent. Samstundes aukar sjukefråværet i Ålesund med 8,7 prosent.
Ålesund og Molde har dei siste åra hatt eit lågare sjukefråvær enn samla for fylket, medan Kristiansund har hatt eit høgre fråvær. Utviklinga det siste kvartalet gjer at fråværsprosenten både i Ålesund og Kristiansund no er lik fråværet i fylket. Molde ligg framleis litt lågare enn fylkessnittet.
Framleis auke i psykiske lidingar
Samanliknar vi sjukefråværet 2. kvartal i 2023 med same kvartal dei siste åra, ser vi ei stor auke av tapte dagsverk blant sjukmeldte med diagnosar knytt til psykiske lidingar. Det same såg vi i førre kvartal. I dette kvartalet i 2023 var delen med sjukdommar innan denne diagnosegruppa 23,6. I sama kvartal i 2019 til 2022 var fråværet mellom 19,1 og 21,9 prosent.
Les heile pressemeldinga frå Nav Møre og Romsdal om sjukefråværet 2. kvartal 2023