Publisert 1. juni 2023
Det legemeldte sjukefråværet i Møre og Romsdal 1. kvartal 2023 var 6,2 prosent, noko som er 3,9 prosent lågare enn i same kvartal året før. Samla for landet var sjukefråværet 6,1 prosent.
Lågaste sjukefråvær samanlikna med landet sidan 2017
Sjukefråværet i Møre og Romsdal har sidan 2015 vore høgare enn gjennomsnittet for landet. I første kvartal 2023 var sjukefråværet i Møre og Romsdal berre 2,5 prosent høgare enn landssnittet, som er den lågaste skilnaden sidan tredje kvartal 2017. Til samanlikning var sjukefråværet i fylket vårt 10 prosent høgare enn landsnittet i første kvartal 2021.
Oslo og Rogaland har normalt eit lågt sjukefråvær som trekker landsnittet ned. Sjukefråværet i Oslo var 5,0 prosent og Rogaland 5,4 prosent i 1. kvartal 2023. I tillegg til desse er det berre Trøndelag som har eit lågare sjukefråvær enn Møre og Romsdal dette kvartalet.
Auke i psykiske lidingar
Når vi samanliknar sjukefråværet 1. kvartal i 2023 med same kvartal dei siste åra, ser vi ei stor auke av tapte dagsverk blant sjukmeldte med diagnosar knytt til psykiske lidingar. Første kvartal 2023 var det eit fråvær på 23,3 prosent med sjukdomar i denne diagnosegruppa. I sama kvartal i 2019 til 2022 var fråværet mellom 18,6 og 21,2 prosent, noko som er lik utviklinga samla for landet.
Les heile pressemeldinga frå Nav Møre og Romsdal om sjukefråværet 1. kvartal 2023