Publisert 28. november 2024
I tredje kvartal 2024 auka det legemeldte sjukefråværet i Møre og Romsdal frå 4,9 prosent til 5,1 prosent samanlikna med same kvartal i 2023, ei auke på 4,2 prosent. Dette er ei mindre auke enn samla for landet, der sjukefråværet går frå 4,8 prosent til 5,1 prosent.
Auke i sjukefråværet i dei fleste aldersgrupper
Det siste året er det ei auke i sjukefråværet i alle aldersgruppene, unntatt for dei under 20 år, der sjukefråværet 3. kvartal i år er det same som 3. kvartal i fjor. Størst auke er det blant dei mellom 20 og 30 år, og mist auke er det blant dei over 55 år. Blant dei mellom 20 og 25 er auken i fråværet det siste året på 11,9 prosent, medan for dei mellom 25 og 30 år er det ei auke på 8,2 prosent. Av dei over 20 år er det auken minst i aldersgruppa 55-59 år, med 0,5 prosent.
Det er lågast sjukefråvær i dei yngste aldersgruppene frå 16-19 år, der sjukefråværet er på 1,3 prosent. Aldersgruppa 20 til 24 år har hatt den største prosentvise auken, frå 2,7 prosent i 2023 til 3,0 prosent i 2024, ei auke på 11,9 prosent. Mange i desse yngste aldersgruppene er under utdanning, og til saman er under 5 prosent av dei avtalte dagsverka i desse to aldersgruppene.
Blant dei frå 25 år og oppover er sjukefråværet ganske jamt fordelt. Lågast er det blant dei frå 25-29 år, med et fråvær på 4,8 prosent, og for dei mellom 40 og 44 år med et fråvær på 5,0 prosent. Høgast fråvær er det blant dei to eldste aldersgruppene. Blant dei i alderen 60 - 64 er fråværet 6,6 prosent i tredje kvartal 2024, medan dei frå 65 - 69 år har eit fråvær på 6,0 prosent.
Framleis auke i psykiske lidingar
Psykiske lidingar er den nest største kategorien med 23,6 prosent, og har auka jamt frå 2019 til 2024. Dette kan indikere aukande psykiske helseutfordringar i fylket. Frå 3. kvartal i fjor til 3. kvartal i år er det ei auke frå 84 200 tapte dagsverk til 90 500 tapte dagsverk for dei med psykiske lidingar. Dette svarer til 23,6 prosent av alt sjukefråvær, opp frå 23,4 prosent i 3. kvartal 2023.
Kategorien muskel-/skjelettlidingar utgjer den største delen av sjukefråværet med 36,5 prosent. Sjølv om det er ein nedgang frå tidlegare år, er det framleis den mest dominerande årsaka til fråvær.