Svak auke i sjukefråværet grunna influensa
Det legemeldte sjukefråværet i Møre og Romsdal 2. kvartal 2022 var 5,7 prosent, noko som er ei auke på 0,6 prosent samanlikna med same kvartal i fjor.
Samanlikna med same kvartal i fjor er det stor auke i fråvær grunna sjukdom i luftvegane. Målt i tapte dagsverk er auken i det legemeldte fråværet frå 2. kvartal 2021 til 2. kvartal 2022 frå 13 507 til 29 291. Dei andre diagnosane har i sum ein reduksjon i denne perioden. For dei andre diagnosane ser vi mellom anna ein reduksjon i muskel og skjelettsjukdommar, medan det er ei auke innan psykiske lidingar.
Statistikken viser ei stor auke både for påvist Covid 19 og andre sjukdommar i luftvegane. Dette er i stor grad knytt til influensasesongen som 2. kvartal i år. Auken som skuldast Covid 19 er på 7 500 dagsverk, mens auka inn andre sjukdommar i luftvegane er nær 9 000.
Les heile pressemeldinga frå Nav Møre og Romsdal om sjukefråværet 2. kvartal 2022