Publisert 2. mars 2023
Det legemeldte sjukefråværet i Møre og Romsdal 4. kvartal 2022 var 5,9 prosent, noko som er 1,4 prosent lågare enn i same kvartal i 2021. Samla for landet var sjukefråværet 5,7 prosent.
Lågare fråvær grunna sjukdommar i luftvegane, auke i psykiske lidingar
Når vi samanliknar sjukefråværet 4. kvartal i 2022 med 4. kvartal i 2021 finn vi at talet på tapte dagsverk grunna sjukdommar i luftvegane har gått ned frå 41 tusen til 33 tusen. Tapte dagsverk grunna psykiske lidingar har i same periode auka frå nesten 87 tusen til over 96 tusen.
Auke i sjukefråværet i statleg forvaltning
Sjukefråværet i statleg forvaltning auka frå 6,0 i 4. kvartal i 2021 til 6,4 i 4. kvartal 2022. Det er framleis høgare sjukefråvær i kommunal sektor, men der har vi hatt ein nedgang i sjukefråværet i same periode frå 8,1 til 7,8 prosent. Lågast sjukefråvær er det i privat og offentleg næringsverksemd, der vi det siste året har hatt ein reduksjon i frå 5,3 til 5,2 prosent.
Les heile pressemeldinga frå Nav Møre og Romsdal om sjukefråværet 4. kvartal 2022