Publisert 30. juni 2023
Arbeidsløysa i Vestland held seg svært låg. I juni var 1,5 prosent av arbeidsstyrken i fylket heilt ledige.
Ved utgangen av månaden var 5 184 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Dette er ein liten nedgang sidan juni i fjor og under landsgjennomsnittet på 1,7 prosent. Vi må heilt tilbake til 2008 for å finne lågare arbeidsløyse i Vestland i juni. Då var arbeidsløysa på 1,4 prosent.
Forventar auke
Som førre månad er det spesielt ein bransje som skil seg ut. Bygg og anlegg har ein auke i arbeidsløysa på 35 prosent samanlikna med same månad i fjor. I dei fleste andre bransjar held den positive utviklinga fram.
– Det er likevel grunn til å tru at arbeidsløysa vil stige litt utover hausten, seier fungerande direktør Frode Storvik i Nav Vestland.
Det er flest ledige innan bygg og anlegg (688), reiseliv og transport (513), og serviceyrke (508).
Mange kommunar har under 1 prosent ledigheit
Talet på ledige stillingar går litt ned sidan juni i fjor, med 4 114 utlyste stillingar. Det er flest ledige jobbar i helsesektoren (964), undervisning (430) og butikk- og salsarbeid (425).
22 av kommunane i Vestland har ei arbeidsløyse på 1 prosent eller mindre. Høgast ligg Hyllestad (4,3 prosent), Årdal (2,5 prosent) og Osterøy (2,0 prosent).
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Arbeidsmarknaden i Vestland, juni 2023
| Juni 2023 | Juni 2022 |
Heilt ledige, Vestland | 5 184 personar 1,5 % av arbeidsstyrken | 5 340 1,6 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 2 879 personar 1,8 % av arbeidsstyrken | 2 912 1,9 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2313 | 2 935 |
Ledige under 30 år | 1 427 | 1 418 |
Permitterte, heilt eller delvis | 677 | 524 |
Ledige stillingar | 4 114 | 4 917 |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Frode Storvik, fungerande direktør i Nav Vestland, mobil 91 75 02 77
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96