Publisert 1. september 2022 | Oppdatert 2. september 2022
I august var 5 344 personar eller 1,6 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt ledige i Vestland. Berre ein kommune i fylket har meir enn 2,0 prosent ledige.
Hyllestad (2,4 %) er den einaste kommunane i fylket med meir enn 2,0 prosent arbeidsledige. Arbeidsløysa i Vestland er den same som snittet for landet på 1,6 prosent.
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland meiner det er grunn til å tru at arbeidsløysa snart har nådd botn, og at utviklinga vil snu utover hausten.
– Vi ventar at arbeidsmarknaden framleis vil vere låg, men omverdsanalysen vår syner at det er fleire forhold som kan bidra til at nedgangen ikkje held fram utover hausten, seier Bogsnes.
Befolkningsutviklinga stagnerer fleire stader
Ho trekk fram rekrutteringsutfordringar som ei årsak til at nedgangen snart vil nå botn.
– Mangelen på arbeidskraft er ganske dramatisk i fleire kommunar, mellom anna fordi befolkningsutviklinga stagnerer fleire stader i fylket. Når ein ikkje får tak i kvalifisert arbeidskraft, er det også risiko for nedleggingar og konkursar, seier Bogsnes.
Ho er glad for at fleire arbeidsgivarar tar eit større ansvar for opplæring og tilrettelegging på arbeidsplassen, og utnyttar den arbeidskraftreserven som ligg blant dei ledige og andre som står utanfor arbeidslivet.
– Eg oppmodar fleire arbeidsgivarar til å gjere det same. NAV bidreg også, mellom anna med tilpassa utdanningsløp til bransjar med mangel på arbeidskraft, til dømes gjennom utdanning av helsefagarbeidarar i tiltak som Menn i helse og Gloppenmodellen, seier Bogsnes.
Flest ledige stillingar innan helse
Talet på ledige jobbar ligg framleis høgt, med over 4 800 utlyste stillingar i august. Det er flest ledige stillingar i helse, pleie og omsorg (900), bygg og anlegg (724) og butikk- og salsarbeid (582).
I Vestland er det høgast arbeidsløyse i Hyllestad (2,4 %), Øygarden (2,0 %), Ulvik og Høyanger (begge 1,9 %). 19 av dei 43 kommunane i fylket har 1 prosent arbeidsløyse eller mindre.
Arbeidsmarknaden i Vestland, august 2022
| August 2022 | August 2021 |
Heilt ledige, Vestland | 5 344 1,6 % av arbeidsstyrken | 8 619 2,5 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 2 905 1,9 % av arbeidsstyrken | 5 584 3,9 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 698 | 5 559 |
Ledige under 30 år | 1 539 | 2 313 |
Permitterte, heilt eller delvis | 345 | 3 512 |
Ledige stillingar | 4 758 | 5 311 |
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90 52 10 59
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96