Publisert 22. mars 2024
No er det høgsesong for å søkje sommarjobbar. I mars er det nær 600 utlyste sommarjobbar i Vestland.
Totalt er det om lag 4 000 ledige jobbar i Vestland. Nær ein fjerdedel av desse er innan helse, pleie og omsorg, og mange av desse er sommarjobbar.
Arbeidsløysa er framleis låg, med 6 411 personar registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland i mars. Det utgjer 1,9 prosent av arbeidsstyrken i fylket.
Positivt med tidleg erfaring i arbeidslivet
Avdelingsdirektør Frode Storvik i Nav Vestland meiner tidspunktet er godt for dei som ønskjer å skaffe seg jobberfaring. Han trur sommarjobb kan vere ein god start spesielt for unge arbeidssøkarar.
– Sommarjobb kan vere viktigare enn du trur. Forsking frå SSB viser at ungdom som har arbeidsinntekt før dei er 18 år i gjennomsnitt tener om lag 100 000 meir seinare i livet enn dei som ikkje hadde. Å få tidleg erfaring frå arbeidslivet kan gi meistring, utvida nettverk og verdifull erfaring som kjem til nytte på fleire måtar, seier Storvik.
Sommarjobbtilskot til unge
– Er du mellom 16 og 29 år og ikkje har arbeidserfaring kan du kontakte ditt lokale Nav-kontor om du ikkje lykkast med å skaffe sommarjobb på eiga hand. Nav-kontoret vil vurdere kva hjelp du treng, og har moglegheit til å nytte Navs sommerjobbtilskot, seier Storvik.
Tilskotet er for ungdom som er mellom 16 og 29 år som har utfordringar med å komme inn på arbeidsmarknaden på vanlege løns- og arbeidsvilkår.
Arbeidsløysa i Vestland ligg under landsgjennomsnittet på 2 prosent. 32 av kommunane i Vestland har under 2 prosent ledige. Høgast andel ledige har Ulvik med 4 prosent, Årdal og Bømlo med 3,5 prosent.
For kommetar til meldinga, kontakt
Frode Storvik, avdelingsdirektør i Nav Vestland, 91 75 02 77
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96
Fakta
Arbeidsmarknaden i Vestland
| Mars 2024 | Mars 2023 |
Heilt ledige, Vestland | 6 411 personar 1,9 % av arbeidsstyrken | 5 835 personar 1,7 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 417 personar 2,1 % av arbeidsstyrken | 3 054 personar 1,9 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 518 | 2 262 |
Ledige under 30 år | 1 703 | 1 596 |
Permitterte, heilt eller delvis | 1 416 | 1 154 |
Ledige stillingar | 3 961 | 5 669 |