Publisert 28. april 2023
Arbeidsløysa i Vestland er framleis låg, viser tal frå Nav. I april var 1,7 prosent av arbeidsstyrken i Vestland heilt ledige.
Ved utgangen av månaden er 5 744 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Dette er ein nedgang på 370 personar sidan april i fjor og litt lågare enn snittet for landet.
I Navs ferske omverdsanalyse, som tar føre seg forventa utviklingstrekk fram mot 2035, går det fram at det er fleire ting som vil påverke arbeidsmarknaden framover.
Det er venta at den låge arbeidsløysa ikkje vil halde seg like låg framover. Allereie no syner tala at det blir lyst ut vesentleg færre stillingar samanlikna med i fjor.
Talet på stillingar i bygg og anlegg halvert
Talet på ledige stillingar i fylket har gått ned frå nær 5 700 i mars til 3 708 i april. Samanliknar vi med same månad i fjor, er det no 2 400 færre utlyste stillingar i Vestland.
– Dette kan vere det første teiknet på at den positive tendensen i arbeidsmarknaden er i ferd med å snu. Vi ser ein særskilt nedgang innan bygg og anlegg og industri, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
Usikre tider og lågare arbeidsinnvandring
Samanlikna med same månad i fjor, er talet på utlyste stillingar innan bygg og anlegg meir enn halvert, frå 706 stillingar i fjor til 321 i år.
– Vi høyrer stadig at det blir bygt mindre, og trur årsakene til dette er samansette. Til dels handlar det om usikre økonomiske tider som gjer at folk gjerne ventar med slike investeringar. Samstundes veit vi og at det kjem færre arbeidsinnvandrarar til Noreg, og at det difor er vanskeleg for verksemder å planlegge prosjekt der dei er avhengig av å hente inn arbeidskraft frå utlandet, seier Bogsnes.
Det er flest ledige jobbar i helsesektoren (960), undervisning (469) og innanfor reiseliv og transport (353).
Det er lågast arbeidsløyse i Gulen, Fitjar, Austrheim og Masfjorden.
Berre to av kommunane i Vestland har ei arbeidsløyse på tre prosent eller meir. Høgast arbeidsløyse finn vi i Eidfjord (3,1 prosent), Ulvik (3,0 prosent) og Årdal (2,8 prosent).
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Arbeidsmarknaden i Vestland, april 2023
| April 2023 | April 2022 |
Heilt ledige, Vestland | 5 744 1,7 % av arbeidsstyrken | 6 114 1,8 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 086 2,0 % av arbeidsstyrken | 3 243 2,1 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 372 | 3 466 |
Ledige under 30 år | 1 564 | 1 562 |
Permitterte, heilt eller delvis | 1 107 | 1 116 |
Ledige stillingar | 3 708 | 6 150 |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, mobil 90 52 10 59
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96