Publisert 28. juli 2023
Arbeidsløysa i Vestland aukar litt i juli. 1,7 prosent av arbeidsstyrken i fylket er heilt ledige.
Ved utgangen av månaden var 5 789 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Dette er ein liten auke sidan juli i fjor, og like under landsgjennomsnittet på 1,8 prosent.
Forventar auke
Som dei førre månadene er det spesielt ein bransje som skil seg ut. Bygg og anlegg har ein auke i arbeidsløysa på nær 50 prosent samanlikna med same månad i fjor. Samstundes har tilgangen på ledige stillingar i bransjen gått ned med 54 prosent.
Det er flest ledige innan bygg og anlegg (748), serviceyrke (581) og industri (574).
– Utviklinga i bygg og anleggsbransjen er ofte ein temperaturmålar på kva vi kan stå føre i resten av marknaden. Det kan vere eit teikn på at marknaden er i ferd med å snu, seier fungerande direktør Frode Storvik i Nav Vestland.
– Men akkurat no er det største utfordringa at verksemdene ikkje klarer å finne kvalifisert arbeidskraft i fleire bransjar, særskilt innan helse, legg Storvik til.
Mange kommunar har under 1 prosent ledigheit
Talet på ledige stillingar går litt ned sidan juli i fjor, med 3 154 utlyste stillingar. Det er flest ledige jobbar i helsesektoren (777), reiseliv og transport (357) og industriarbeid (286).
18 av kommunane i Vestland har ei arbeidsløyse på 1 prosent eller mindre. Høgast ligg Hyllestad (5,5 prosent), Osterøy (2,6 prosent), Årdal og Bergen (begge 2,1 prosent).
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Arbeidsmarknaden i Vestland, juli 2023
| Juli 2023 | Juli 2022 |
Heilt ledige, Vestland | 5 789 personar 1,7 % av arbeidsstyrken | 5 463 1,6 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 223 personar 2,1 % av arbeidsstyrken | 2 950 1,9 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 742 | 2 372 |
Ledige under 30 år | 1 528 | 1 386 |
Permitterte, heilt eller delvis | 557 | 376 |
Ledige stillingar | 3 154 | 3 483 |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Frode Storvik, fungerande direktør i Nav Vestland, mobil 91 75 02 77
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96