Publisert 29. september 2023 | Oppdatert 2. oktober 2023
Arbeidsløysa i Vestland aukar litt i september, men er framleis svært låg. 1,6 prosent av arbeidsstyrken i fylket er heilt ledige.
Ved utgangen av månaden var 5 585 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Dette er ein auke sidan september i fjor, men framleis under landsgjennomsnittet på 1,8 prosent.
Mange ledige i bygg og anlegg
– Det venta taktskiftet i arbeidsmarkanden ser ikkje ut til å skje på Vestland denne månaden heller, seier fungerande direktør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Sjølv om talet på ledige stillingar går ned samanlikna med september i fjor, er det framleis over 3 700 utlyste stillingar i fylket. Det er flest ledige jobbar i helsesektoren (897), bygg og anlegg (384) og serviceyrke (351). Bygg og anlegg og også blant bransjane med flest ledige (685), saman med reiseliv og transport (574) og industri (547).
– Årsaka til at det er mange ledige innan bygg og anlegg, samstundes som det er mange ledige stillingar i same bransje har nok å gjere med at tilgjengeleg kompetanse ikkje matchar med den kompetansen bransjen treng, seier Hysing-Olsen.
Fleire kommunar med svært låg arbeidsløyse
18 av kommunane i Vestland har ei arbeidsløyse på 1 prosent eller mindre. Høgast ligg Hyllestad (3,8 prosent), Årdal (3,4 prosent) og Fedje (2,2 prosent).
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Arbeidsmarknaden i Vestland, september 2023
| September 2023 | September 2022 |
Heilt ledige, Vestland | 5 585 1,6 % av arbeidsstyrken | 5 055 1,5 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 111 2,0 % av arbeidsstyrken | 2 760 1,8 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 323 | 2 399 |
Ledige under 30 år | 1 624 | 1 475 |
Permitterte, heilt eller delvis | 615 | 315 |
Ledige stillingar | 3 705 | 4 749 |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Bjarte Hysing-Olsen, fungerande direktør i Nav Vestland, mobil 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96