Publisert 2. februar 2024 | Oppdatert 2. februar 2024
I januar var 1,9 prosent av arbeidsstyrken i Vestland utan jobb. Ledigheita vil auke noko utover året, ifølgje ein fersk prognose frå Nav. Ein viktig faktor er kor mange ukrainske flyktningar som kjem i arbeid.
I januar var 6 630 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Dette er 473 fleire enn på same tid i fjor og utgjer 1,9 prosent av arbeidsstyrken. Vestland ligg dermed under landsgjennomsnittet på 2,1 prosent.
– Vi ser ingen dramatiske endringar i arbeidsmarknaden. Både talet på arbeidsledige og talet på utlyste stillingar ligg på same nivå som i desember når vi tek høgde for normale sesongvariasjonar, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
Reknar med lågare arbeidsløyse enn før pandemien
Nav Vestland har utarbeida ein prognose for 2024 som tyder på at arbeidsløysa vil auke noko, men framleis halde seg på eit lågt nivå. Talet på ledige er berekna til om lag 7 500 personar i snitt for året.
Må matche kompetanse og ledige stillingar
– Det vil framleis vere mange ledige jobbar i ei rekkje bransjar. Utfordringa er at dei som er ledige, ofte har ein annan kompetanse enn den arbeidsgivarane søkjer etter. Samarbeidet mellom arbeidsgivarar, utdanningssektoren og Nav om å skape fleire gode matchar, blir viktig, seier Bogsnes. Ho peikar også på at ukrainske flyktningar utgjer ein arbeidskraftreserve som endå fleire arbeidsgivarar kan få nytte av. Kvar månad kjem om lag 200 nye arbeidssøkarar frå Ukraina inn på marknaden i Vestland.
Tenesteyting og industri er mellom dei sektorane som truleg vil trenge fleire folk i år, medan bygg og anlegg no flatar ut frå eit uvanleg høgt aktivitetsnivå.
Les heile prognosen under Relatert innhald.
Arbeidsmarknaden i Vestland, januar
Januar 2024
Januar 2023
Heilt ledige, Vestland
6 630 personar
1,9 % av arbeidsstyrken
6 157 personar
1,8 % av arbeidsstyrken
Heilt ledige, Bergen
3 614 personar
2,3 % av arbeidsstyrken
3 220 personar
2,1 % av arbeidsstyrken
Langtidsledige, meir enn seks månader
2 375
2 324
Ledige under 30 år
1 932
1 766
Permitterte, heilt eller delvis
1 182
1 089
Ledige stillingar
7 489
6 982
Berre ti av dei 43 kommunane i Vestland har meir enn 2 prosent arbeidsledige. Høgast andel ledige har Ulvik med 4,9, Årdal med 4 og Eidfjord med 3,6 prosent.
Helse- og omsorgssektoren toppar lista over ledige jobbar, med nesten 2 200 utlyste stillingar i januar. Deretter følgjer serviceyrke, industri og ingeniør- og IKT-fag.
For kommentar til meldinga, kontakt
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, 90 52 10 59