Publisert 22. desember 2023
Bjarte Hysing-Olsen er godt kjend med Nav, og har arbeidd i ulike leiarroller i Nav Vestland og tidlegare Nav Hordaland.
Sidan februar 2018 har han vore fungerande assisterande fylkesdirektør i Nav Hordaland, og assisterande fylkesdirektør i Nav Vestland sidan januar 2019. Han har også vore Nav-leiar for Nav Årstad, Nav Fyllingsdalen og Nav Askøy, og vore i ulike roller i Nav og tidlegare Aetat sidan 2003. Han har ein mastergrad i styring og leiing.
Bjarte Hysing-Olsen gler seg til å ta fatt på oppgåva.
– Eg brenn for Nav sitt samfunnsoppdrag. I Vestland har vi ein stor utanforskap og mangel på arbeidskraft. Her ligg det eit stort potensial, som vi saman med våre dyktige tilsette og gode samarbeidspartnarar skal jobbe for å utløyse. Vi har eit godt grunnlag for å lykkast, og eg gler meg til å ta fatt på oppdraget.
Arbeids- og tenestedirektør i Nav, Sonja Skinnarland, er svært nøgd med valet av ny fylkesdirektør.
– Med Bjarte får vi ein som kjenner Nav og Nav Vestland godt. Med han vil Nav Vestland få ein erfaren direktør som kjenner kompleksiteten i rolla og organisasjonen godt. Han er veldig motivert for å utvikle Nav Vestland vidare, og eg er veldig glad for at han takka ja til stillinga, seier Skinnarland.
Bjarte Hysing-Olsen vil ta over etter Anne Kverneland Bogsnes som går av med pensjon 29. februar. Han vil tiltre stillinga 1. mars 2024.
Kontaktinformasjon:
Bjarte Hysing-Olsen, tlf. 48 24 73 18
Sonja Skinnarland, arbeids- og tenestedirektør, tlf. 91 18 02 55