Publisert 18. august 2023 | Oppdatert 18. august 2023
I første halvår 2023 var 55 500 personar i Vestland registrerte med uføretrygd eller nedsett arbeidsevne. Det utgjer 13,6 prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder, eller ein av sju.
Tal frå Nav Vestland viser at 36 000 personar mellom 18 og 66 år fekk uføretrygd ved utgangen av juni. Det vil seie at dei er heilt eller delvis utanfor arbeidslivet på grunn av varig sjukdom eller skade.
– Det er i hovudsak eldre arbeidstakarar som får uføretrygd etter eit langt yrkesliv. Difor ser vi at kommunar med høg snittalder i befolkninga har ein større andel uføre. Dette er gjerne distriktskommunar der mange har jobba i industrien, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
Vaksdal, Høyanger, Samnanger og Kvinnherad har størst andel uføre i Vestland.
Unge er høgt prioritert
Talet på uføre under 30 år auka markant frå 2013 til 2020. Dei siste åra har talet stabilisert seg og ligg no på 2 300 personar i Vestland.
– Unge uføre utgjer ein liten del av totalen, men det er svært viktig å førebyggje at unge blir ståande utanfor arbeidslivet. Våre rettleiarar og jobbspesialistar har som mål å finne løysingar saman med kvar enkelt, i samarbeid med arbeidsgivarar, skule- og helsesektoren, seier Bogsnes.
Sidan 2015 er det mogleg å kombinere arbeid og uføretrygd så langt helsa tillèt.
– Ein god del nyttar seg av dette, til glede for både dei sjølv og samfunnet, til dømes innanfor helsesektoren. Fire av fem har 100 prosent uføretrygd, men også her finn vi ein del som jobbar litt, fortel Bogsnes.
16 000 får arbeidsavklaringspengar
I tillegg til dei som har uføretrygd, finst ei stor gruppe personar som er registrerte med nedsett arbeidsevne på grunn av helseutfordringar.
Over to tredelar av desse mottek arbeidsavklaringspengar (AAP). Ordninga skal sikre inntekt til personar som ikkje kan jobbe på grunn av sjukdom eller skade medan dei får avklart moglegheitene for å kome tilbake i arbeidslivet.
Ved utgangen av juni 2023 hadde Vestland nesten 16 000 AAP-mottakarar. Dette utgjer 3,9 prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder. Vestland ligg litt under snittet for landet.
Kommunane Modalen og Øygarden har størst andel AAP-mottakarar i fylket. Tal for alle kommunane finst under «Relatert innhald».
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, mobil 90 52 10 59
Ingunn Halvorsen, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 97 08 92 09