Publisert 2. juni 2023 | Oppdatert 2. juni 2023
Arbeidsløysa i Vestland held seg svært låg trass i krevjande tider. I mai var 1,5 prosent av arbeidsstyrken i fylket heilt ledige.
Ved utgangen av månaden var 5 191 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Dette er ein liten nedgang sidan mai i fjor og under landsgjennomsnittet på 1,7 prosent.
– Ledigheita har ikkje vore så låg i mai på over ti år. Men bygge- og anleggsbransjen skil seg ut med nær 40 prosent auke i talet på ledige sidan i fjor. Her ser vi truleg konturane av ei endring som bransjen sjølv har varsla. Utover dette merkar vi førebels ikkje store utslag av tiltak for å kjøle ned økonomien, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
Ho reknar med at ledigheita kan gå noko opp utover hausten. Samstundes kan mangel på arbeidskraft i ei rekkje bransjar bidra til at arbeidsgivarane ønsker å halde på dei tilsette også i krevjande tider.
Samarbeider med byggebransjen
Nyleg signerte Nav Vestland ein avtale om strategisk samarbeid med bransjeforeininga EBA Vestenfjelske, som representerer 85 bygge- og anleggsbedrifter. Nav skal hjelpe bedriftene å førebygge sjukefråvær, utvikle godt arbeidsmiljø, rekruttere og kvalifisere tilsette.
– Bygg og anlegg er ein særs viktig bransje for oss å samarbeide godt med. Sjølv om dei har færre oppdrag i sikte nett no, tyder alt på at dei vil trenge meir arbeidskraft i åra som kjem. Vi ønsker å bidra til at fleire unge søker seg til bransjen, og at folk får eit langt og sikkert yrkesliv, seier Bogsnes.
Mange kommunar har under 1 prosent ledigheit
Talet på ledige stillingar er framleis høgt, med over 5 300 utlyste stillingar i mai. Det er flest ledige jobbar i helsesektoren (1 128), butikk (560) og undervisning (531).
– Helsepersonell er det bruk for i alle delar av fylket, med sjukepleiarar heilt på toppen av lista. Vi ser også at reiseliv, transport og ulike serviceyrke treng fleire medarbeidarar. Eg vil særleg oppmode arbeidsgivarar til å gje ungdom og arbeidssøkarar med bakgrunn som flyktningar ein sjanse, gjerne i samarbeid med oss i Nav, seier Bogsnes.
22 av kommunane i Vestland har ei arbeidsløyse på 1 prosent eller mindre. Høgast ligg Årdal (2,5 prosent), Hyllestad (2,3 prosent) og Kinn (2,3 prosent).
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Arbeidsmarknaden i Vestland, mai 2023
Mai 2023 | Mai 2022 | |
Heilt ledige, Vestland | 5 191 personar 1,5 % av arbeidsstyrken | 5 239 personar 1,6 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 2 867 personar 1,8 % av arbeidsstyrken | 2 836 personar 1,8 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 331 | 2 960 |
Ledige under 30 år | 1 429 | 1 392 |
Permitterte, heilt eller delvis | 785 | 653 |
Ledige stillingar | 5 339 | 7 593 |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, 90 52 10 59
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09