Publisert 16. juni 2023
Sunnfjord, Fjaler, Høyanger, Askvoll og Hyllestad har ei styringsgruppe som greier ut samarbeid om Nav-tenester. Dei vil framleis ha kontor i alle kommunane.
Kommunane i Sunnfjord-regionen har drive eit utviklingsprosjektet saman med Nav Vestland sidan juni 2020. Arbeidet har vist at det kan vere nyttig å samarbeide meir på tvers av kommunegrensene for å utnytte ressursane og gi betre tenester til innbyggarar og arbeidsgivarar.
– Kommunane har allereie eit nært og godt samarbeid. Vi ser no på korleis vi kan jobbe endå meir heilskapleg med dei krava og utfordringane som møter oss i arbeidsmarknaden. Det handlar mellom anna om å rekruttere arbeidskraft til regionen, og å førebygge at folk fell ut av jobb på grunn av helseplager, seier kommunedirektør i Høyanger, Ørjan Haram.
Han leiar styringsgruppa som dei fem kommunane oppretta i juni 2022. Gruppa består av dei fem kommunedirektørane, Nav-leiarane i alle fem kontora, representantar for dei tilsette og fylkesleiinga i Nav Vestland.
Fordi Nav-kontora både fattar vedtak og behandlar personsensitive opplysningar, er det særlege krav til korleis dei kan samarbeide på tvers av kommunegrensene. Det er naudsynt å inngå ein såkalla vertskommuneavtale der ein kommune får ei vertskapsrolle.
– Styringsgruppa er samde om å behalde desentraliserte tenester. Det skal framleis vere tilsette og lokale kontor der innbyggarane kan møte Nav i alle kommunane. Kontora skal ikkje leggast ned, seier Haram.
Styringsgruppa tek sikte på å vere ferdige med utgreiinga i løpet av hausten slik at ei sak kan vere klar til politisk handsaming før jul. Dei tilsette og politikarane blir informert om status i arbeidet i desse dagar.
– Vi har gode erfaringar med slike samarbeid frå andre regionar. Når fleire kommunar går saman om større einingar kan Nav-kontora bygge meir robuste fagmiljø som tilbyr betre og meir like tenester og nyttar ressursane effektivt. I region Sunnfjord ser vi allereie lovande resultat av ei ny avdeling som følgjer opp sjukefråvær på tvers av kommunane, seier assisterande direktør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
I Nordfjord gjekk dei fire Nav-kontora i Bremanger, Gloppen, Stad og Stryn saman i eit vertskommunesamarbeid tidlegare i år. Lenger sør i fylket har fem kommunar rundt Fensfjorden i Nordhordland hatt eit slikt samarbeid sidan 2020.
Kontaktpersonar:
Kommunedirektør Ørjan Haram, Høyanger kommune: 45 44 98 42 / orjan.haram@hoyanger.kommune.no
Assisterande direktør Bjarte Hysing-Olsen, Nav Vestland: 48 24 73 18 / bjarte.hysing-olsen@nav.no
Pressemelding frå Sunnfjord, Fjaler, Høyanger, Askvoll og Hyllestad kommunar og Nav Vestland.