Publisert 3. mai 2024 | Oppdatert 3. mai 2024
I april var 1,7 prosent av arbeidsstyrken i Vestland utan jobb. Det er 2 000 fleire ledige jobbar enn arbeidssøkarar.
I april var 5 979 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Dette er 235 fleire enn på same tid i fjor og utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken. Vestland ligg dermed under landsgjennomsnittet på 2,0 prosent.
Meir opplæring og kvalifisering på arbeidsplassen
Med nær 8 000 ledige stillingar i fylket, er det gode moglegheiter for å få seg jobb i Vestland for tida.
– Noko som likevel kan vere utfordrande er jo om arbeidssøkarane har den kompetansen som arbeidsgivarane treng. Eg håpar likevel at arbeidsgivarane er flinke til å sjå moglegheiter, og at dei vurderer om det er mogleg med opplæring og kvalifisering på arbeidsplassen for dei som eventuelt manglar noko kompetanse, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Helse- og omsorgssektoren toppar lista over ledige jobbar, med nesten 1 700 utlyste stillingar i april. Deretter følgjer ingeniør- og IKT-fag (1 105), butikk- og salsarbeid (742) og bygg og anlegg (689).
– Ein del av desse stillingane er sesongarbeid. Det kan vere ein god inngangsport til arbeidslivet, og stiller ikkje nødvendigvis like strenge krav til fagkompetanse, seier Hysing-Olsen.
Mange ledige stillingar i bynære strøk
Over halvparten av dei ledige stillingane finst i Bergen, medan bynære strøk som Bjørnafjorden, Øygarden, Askøy og Alver også har mange ledige stillingar. Alle kommunar i fylket treng folk.
Berre sju av dei 43 kommunane i Vestland har meir enn 2 prosent arbeidsledige. Høgast andel ledige har Modalen med 3,9, Eidfjord med 2,5 prosent og Kinn med 2,4 prosent.
Det er flest arbeidssøkarar innan bygg og anlegg (814) og reiseliv og transport (653).
Arbeidsmarknaden i Vestland, april
| April 2024 | April 2023 |
Heilt ledige, Vestland | 5 979 personar 1,7 % av arbeidsstyrken | 5 744 1,7 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 347 personar 2,1 % av arbeidsstyrken | 3 086 2,0 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 604 | 2 372 |
Ledige under 30 år | 1 611 | 1 564 |
Permitterte, heilt eller delvis | 1 063 | 1 107 |
Ledige stillingar | 7 988 | 3 708 |
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96