Publisert 20. januar 2023
Vel 15 000 vestlendingar fekk arbeidsavklaringspengar (AAP) ved utgangen av 2022. Fleire beheld stønaden lenger enn før. Samstundes er jobbsjansane gode: Ein av tre kjem tilbake i jobb etter arbeidsavklaring.
Arbeidsavklaringspengar skal sikre inntekt til personar som ikkje jobbar på grunn av sjukdom eller skade. Med hjelp frå Nav skal personen få avklart moglegheitene for å behalde jobben eller finne ein ny jobb.
Mange kan og vil jobbe
Tal frå Nav Vestland viser at 15 513 personar i alderen 18 til 66 år fekk AAP ved utgangen av fjoråret. Dei utgjer 3,8 prosent av arbeidsstyrken. Vestland ligg litt under landssnittet.
– No som arbeidsløysa er låg og mange arbeidsgivarar er på jakt etter folk, vil eg oppmode til å sjå til denne gruppa. Kanskje finst det ein kandidat i nabolaget til bedrifta som med litt ekstra hjelp kan bli ein dyktig og lojal medarbeidar, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
Vil hjelpe unge til varig arbeid
Ho er særleg oppteken av dei unge som står utanfor jobb og skule. For mange av dei ligg forklaringa i psykiske lidingar. Hos eldre AAP-mottakarar er det fleire som har fysiske plager som muskel- og skjelettlidingar.
– Unge er ei prioritert gruppe for oss i Nav. Vi samarbeider med vidaregåande skule, helsevesen og arbeidsgivarar for at fleire unge skal kvalifisere seg til ein trygg og varig jobb. Her kan vi til dømes bruke lønstilskot og mentorstøtte for at arbeidsgivaren og den tilsette skal få ein god start, seier Bogsnes.
Fleirtalet får AAP i eitt til tre år
Talet på AAP-mottakarar auka med ca. 600 personar i løpet av 2022. Årsaka er ikkje større tilgang, men at fleire beheld stønaden lenger etter ei regelendring 1. juli. Ved årsskiftet hadde nær 60 prosent av AAP-mottakarane hatt ordninga i mellom eitt og tre år. Tal frå fjerde kvartal viser at 36 prosent av dei som gjekk ut av AAP-ordninga eit halvt år tidlegare, var tilbake i jobb. 31 prosent hadde gått over til uføretrygd.
Prosentdelen som mottek arbeidsavklaringspengar varierer innafor fylket. Øygarden kommune ligg øvst med 5,3 prosent, framfor Modalen og Vaksdal. Fleire av kommunane rundt Bergen har tal over snittet, som Alver og Askøy med 4,7 prosent.
Under Relatert innhald finn du grafikk og tal for alle kommunane i Vestland.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, mobil 90 52 10 59
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 97 08 92 09