Publisert 10. februar 2023
Nesten 36 000 vestlendingar mottek uføretrygd, viser tal frå Nav. Talet på uføre under 35 år som har ein jobb, har dobla seg på fem år.
Uføretrygd skal sikre inntekt til dei som ikkje kan jobbe på grunn av ein varig sjukdom eller skade. Ved utgangen av 2022 var 35 726 innbyggarar i Vestland registrerte med heilt eller delvis uføretrygd. Det er 8,8 prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder, og 500 fleire enn på same tid året før.
Aldersgruppa over 60 år har langt flest uføre. Medan dei eldre ofte blir uføre på grunn av fysiske plager etter eit langt arbeidsliv, er det mange unge som slit psykisk og blir ståande utanfor skule og jobb.
600 unge uføre er i jobb
Ved årsskiftet var 2 351 unge under 30 år registrerte som uføre i Vestland. Det utgjer 2,2 prosent av aldersgruppa totalt.
– Mange av desse har alvorlege diagnosar som gjer at dei ikkje kan jobbe, men det er også ein del som både kan og vil jobbe litt. Difor er det gledeleg at over 600 unge uføre i fylket no har eit arbeidsforhold, mot 250 for fem år sidan, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
– Vi snakkar om små tal og ofte ikkje så mange arbeidstimar i veka, men det kan gjere stor forskjell for kvar enkelt. Dette viser at målretta samarbeid mellom arbeidsgivarar, dei unge sjølv og Nav gir resultat. Mange uføre kan gjere ein god jobb når dei berre får sjansen, seier Bogsnes.
Ho viser mellom anna til #syktbrajobb i Bergen, som hjelper uføre under 35 å finne ein jobb som passar for dei.
Stor variasjon mellom kommunane
Dei fleste som fekk innvilga uføretrygd i fjor, gjekk tidlegare på arbeidsavklaringspengar (AAP). Mange fekk forlenga AAP-stønaden under pandemien og fekk først ferdigbehandla saken sin hausten 2022. Bogsnes trur dette er mykje av forklaringa på auken i uføre det siste året.
Med 8,8 prosent uføre ligg Vestland under landssnittet på 10,5 prosent. Samstundes har fleire kommunar i fylket høge uføretal. Vaksdal og Høyanger ligg over 13 prosent, som kan henge saman med industripreg og ein stor del eldre innbyggjarar. Til samanlikning har Bergen og Sogndal mange unge innbyggjarar og låg prosentdel uføre.
Under Relatert innhold finn du tal for kvar kommune.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, mobil 90 52 10 59
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 97 08 92 09