Publisert 29. november 2024
I november var 5 965 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Det utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken.
Fylket har no 401 fleire heilt ledige enn i november i fjor. Vestland har lågare ledigheit enn snittet for landet, som ligg på 2 prosent heilt ledige.
– Bygg- og anleggsbransjen ser ut til å klare seg betre i Vestland enn i resten av landet. Vi registrerer 114 færre ledige enn på same tid i fjor. Ei årsak er nok at byggebransjen lenge har rapportert om mangel på arbeidskraft. Samstundes ser vi at fleire verksemder har det vanskeleg no, og vi følgjer bransjen tett, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
God tilgang på stillingar
I november var det utlyst 3 741 ledige stillingar i Vestland. Det er flest ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg (934), ingeniør og IKT (331) og bygg og anlegg (329).
– Dette er på same nivå som i fjor og fordelar seg jamt på alle yrkeskategoriar. Her er det gode sjansar for å finne seg arbeid enten på eiga hand eller med støtte frå Nav, seier Hysing-Olsen.
Stor auke i langtidsledige
2 527 personar i Vestland har vore utan arbeid over eit halvt år. Dette er 400 fleire enn på same tid i fjor og utgjer ein auke på nesten 20 prosent.
– Dette er ein urovekkande trend når vi veit at faren for å ikkje kome tilbake i arbeid, aukar dess lengre ein er ledig. Utdanning er ein nøkkelfaktor: Risikoen for å miste jobben er tredobla for ein som ikkje har fullført vidaregåande utdanning, fortel Hysing-Olsen.
Han trur mange arbeidssøkarar i denne gruppa kan kvalifisere seg til å fylle ledige stillingar.
– Vi jobbar målretta med kvalifisering og inkludering saman med arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar i offentleg og privat sektor. Nyleg starta vi eit regionalt arbeidskraftløft i samarbeid med NHO, seier fylkesdirektøren.
Svært få ledige i mange kommunar
Høgast ledigheit i fylket har kommunane Ulvik med 3,3 prosent, Aurland med 2,5 prosent og Austrheim med 2,3 prosent. Ni av 43 kommunar har under 1 prosent arbeidsløyse. Aller lågast ligg Solund og Modalen.
Arbeidsmarknaden i Vestland, november
November 2024 | November 2023 | |
Heilt ledige, Vestland | 5 965 personar 1,7 % av arbeidsstyrken | 5 564 personar 1,6 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 319 personar 2,1 % av arbeidsstyrken | 3 035 personar 1,9 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 527 | 2 121 |
Ledige under 30 år | 1 583 | 1 597 |
Permitterte, heilt eller delvis | 562 | 792 |
Ledige stillingar | 3 741 | 3 789 |
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09