Publisert 1. november 2024
I oktober var 5 832 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Det utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken.
Det er 429 fleire heilt ledige enn oktober i fjor. Landet samla har 1,9 prosent heilt ledige.
Innan dei store næringane bygg og anlegg og industri er det nedgang i talet på ledige, noko som skil Vestland frå utviklinga i resten av landet.
Det er framleis låg arbeidsløyse i fylket, samstundes som det er ein auke i talet på utlyste stillingar. I oktober var det utlyst over 4 838 ledige stillingar i Vestland. Det er flest ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg (1 070), industriarbeid (475) og bygg og anlegg (473).
– Arbeidsmarknaden er framleis stabil, med gode jobbmoglegheiter i mange bransjar. Men det er ei utfordring at dei som søkjer jobbar ikkje alltid har rett kompetanse til å fylle dei ledige jobbane, seier Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør Nav Vestland.
Han er bekymra over at auken i talet på ledige kjem hjå dei som har vore utan arbeid eit halvår eller meir.
– Når talet på langtids arbeidssøkjarar aukar, er det både bra og viktig at arbeidsgivarar i større og større grad tek ansvar for å gi både opplæring og tilrettelegging på arbeidsplassen for å snu denne utviklinga, seier Hysing-Olsen.
Arbeidsgivarar seier ja til inkludering
Dette stemmer godt overeins med funna frå Nav sin årlege arbeidsgivarundersøking. Den syner at sju av ti arbeidsgivarar som nyleg har vore i kontakt med Nav, har positiv erfaring med arbeidsinkludering.
Den årlege arbeidsgivarundersøkinga går ut til verksemder som har fått tenester frå Nav arbeidslivssenter, oppfølging av sjukemeldte, arbeidsretta tiltak eller som har meldt ledige stillingar til Nav i løpet av dei siste tre månadene. I Vestland svarte 255 bedrifter på undersøkinga i år.
– Heile 92 prosent av dei som har svart, ser på inkludering som ein del av samfunnsansvaret sitt. 71 prosent har positiv erfaring med inkludering, og 60 prosent seier det er aktuelt å tilsette menneske som treng noko meir hjelp enn vanleg, seier Hysing-Olsen.
Store variasjonar mellom kommunane
12 av dei 43 kommunane i Vestland har ein prosent eller under arbeidsledige og i den andre enden finn vi Fedje (2,7prosent), Ulvik og Eidfjord (2,6 prosent).
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96
Fakta
Arbeidsmarknaden i Vestland, oktober
| Oktober 2024 | Oktober 2023 |
Heilt ledige, Vestland | 5 832 personar 1,7% av arbeidsstyrken | 5 403 personar 1,6 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 322 personar 2,1 % av arbeidsstyrken | 2 986 personar 1,9 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 585 | 2 139 |
Ledige under 30 år | 1 568 | 1 574 |
Permitterte, heilt eller delvis | 410 | 684 |
Ledige stillingar | 4 838 | 4 202 |