Publisert 2. mars 2023
Sjukdom i luftvegane er ein viktig årsak til at sjukefråværet i fjerde kvartal enda på 5,9 prosent i Vestland.
Det legemeldte sjukefråværet i Vestland i fjerde kvartal 2022 ligg på same nivå som i 2021. 28 prosent av alle fråværstilfella skuldast sjukdom i luftvegane.
– Sjukdom i luftvegane er heldigvis ikkje så ofte årsak til langvarig fråvær frå jobb. Eg er meir bekymra for dei som slit med muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar. Det er disse gruppene som må bli følgt opp slik at dei får den hjelpa dei treng for å få betre helse, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
Muskel- og skjelettplager står for 32,3 prosent og psykiske lidingar 23,1 prosent av tapte dagsverk i perioden.
– Helse- og sosialsektoren har høgast fråvær med 8,6 prosent. Sjukdom i luftvegane står for ein del av fråværet, men vi veit jo også at mange slit med muskel- og skjelettplager på grunn av tøff belastning i denne type jobbar, seier Bogsnes.
Verksemder som slit med høgt sjukefråvær kan ta kontakt med Nav for å samarbeide om løysingar.
– Vi tilbyr både digitale tenester, kurs og oppfølging frå Nav Arbeidslivssenter som kan bidra til å forebygge og redusere sjukefråvær, seier Bogsnes.
Fakta om sjukefråværet i Vestland i fjerde kvartal 2022
- Høgast fråvær i Modalen (8,7 prosent), Hyllestad (7,4 prosent) og Øygarden (7,3 prosent)
- Lågast fråvær i Aurland (3,7 prosent) og Gloppen (4,1 prosent)
- Sjukdom i luftvegane er årsak til 28 prosent av sjukefråværstilfella. Deretter kjem muskel- og skjelettplager med 24,4 prosent og psykiske lidingar med 15,4 prosent.
- Helse- og sosialsektoren har høgast sjukefråvær med 8,6 prosent.
- Over 70 prosent av sjukefråvære er kortare enn 16 dagar.
- Sjukefråværet i Vestland ligg litt over landsgjennomsnittet på 5,7 prosent.
Tal for alle kommunane i Vestland finst på statistikksidene våre.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, mobil 90 52 10 59
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 7