Publisert 3. november 2023 | Oppdatert 3. november 2023
Arbeidsløysa i Vestland held seg låg i oktober, og mange bransjar treng fleire folk. Helse, pleie og omsorg har flest utlyste stillingar, medan bygg og anlegg får ein auke i talet på ledige.
Ved utgangen av oktober var 5 403 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Dette er 400 fleire enn på same tid i fjor og utgjer 1,6 prosent av arbeidsstyrken. Vestland ligg dermed litt under landsgjennomsnittet på 1,8 prosent.
Bygg og anlegg med 52 prosent fleire ledige
– Arbeidsmarknaden er framleis stabil, med gode jobbmoglegheiter i ei rekkje fag. Færre er langtidsledige no enn i fjor, og talet på permitteringar er lågt. Eit faresignal er likevel ein tydeleg auke i ledige innafor bygg og anlegg, seier fungerande direktør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
I bygge- og anleggsbransjen var nær 700 personar heilt ledige i oktober. Det er 52 prosent fleire enn for eit år sidan.
19 av kommunane i Vestland har ei arbeidsløyse på 1 prosent eller mindre. Høgast ligg Årdal (4,1 prosent), Fedje (3,6 prosent) og Hyllestad (3,5 prosent).
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Få arbeidssøkarar frå Ukraina
Talet på utlyste stillingar har gått ned sidan i sommar, men er høgare enn på same tid i fjor. Nav Vestland registrerte litt over 4 000 ledige stillingar i oktober. Heile 1 100 av dei var innanfor helse, pleie og omsorg.
– Den store etterspurnaden etter arbeidskraft kan gjere det lettare for flyktningar og andre utsette grupper å finne arbeid. Fram til no har ganske få med bakgrunn frå Ukraina registrert seg som arbeidssøkarar, men talet vil truleg auke etter kvart som fleire fullfører introduksjonsprogrammet for flyktningar, trur Hysing-Olsen.
Ved utgangen av september hadde om lag 1 200 flyktningar frå Ukraina jobb i Vestland. Nær 400 var registrerte som arbeidssøkarar.
Arbeidsmarknaden i Vestland, oktober
| Oktober 2023 | Oktober 2022 |
Heilt ledige, Vestland | 5 403 1,6 % av arbeidsstyrken | 5 033 1,5 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 2 986 1,9 % av arbeidsstyrken | 2 749 1,8 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 139 | 2 281 |
Ledige under 30 år | 1 574 | 1 445 |
Permitterte, heilt eller delvis | 684 | 376 |
Ledige stillingar | 4 202 | 3 753 |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Bjarte Hysing-Olsen, fungerande direktør i Nav Vestland, mobil 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 97 08 92 09