Publisert 27. september 2024
I september var 5 784 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Det utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken.
Det er 199 fleire heilt ledige enn september i fjor. Landet samla har 2,0 prosent heilt ledige.
Det er framleis låg arbeidsløyse i Vestland, samstundes som det er ein auke i talet på utlyste stillingar. I september var det utlyst over 5 000 ledige stillingar i Vestland. Det er flest ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg (888), butikk- og salsarbeid (444) og industriarbeid (413).
Kritisk innan helse- og sosialsektoren
Mangelen på kvalifisert arbeidskraft vil berre bli større med åra som kjem, syner ein fersk oversikt frå statistikkmiljøet til Nav Vestland.
– Oversikten syner at nær 33 000 personar i Vestland vil nå pensjonsalderen i sin bransje dei neste fem åra, seier fylkesdirektør i Nav Vestland, Bjarte Hysing-Olsen.
Aller mest kritisk er det i helse- og sosialsektoren, der nesten 8000 arbeidstakarar snart må erstattast. Dette utgjer nær 11 prosent av dei tilsette i sektoren.
– Også bransjar som undervisning, varehandel og transport har stort behov for å erstatte og tilsette nye personar i åra framover. Det same gjeld landbruket. Der er det ikkje snakk om like mange personar, men ein stor del av arbeidsstyrken i bransjen, seier Hysing-Olsen.
Store variasjonar mellom kommunane
15 av dei 43 kommunane i Vestland har under ein prosent arbeidsledige. Høgast er arbeidsløysa i Hyllestad (3,4 prosent), Eidfjord (2,6 prosent) og Ulvik (2,3 prosent).
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96
Fakta
Arbeidsmarknaden i Vestland, september
| September 2024 | September 2023 |
Heilt ledige, Vestland | 5 784 personar 1,7 % av arbeidsstyrken | 5 585 personar 1,6 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 350 personar 2,1 % av arbeidsstyrken | 3 111 personar 2,0 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 660 | 2 323 |
Ledige under 30 år | 1 628 | 1 624 |
Permitterte, heilt eller delvis | 349 | 615 |
Ledige stillingar | 5 088 | 3 705 |