Publisert 22. desember 2022
I desember var 5 313 personar heilt arbeidsledige i Vestland. Trass låg arbeidsløyse, er det fleire som slit med å få pengane til å strekke til.
Tala for desember viser at 5 313 personar eller 1,6 prosent av arbeidsstyrken i fylket var heilt ledige. Dette er det same som snittet for heile landet.
Sjølv om arbeidsdeltakinga i samfunnet er høg, syner nye tal frå Nav at fleire slit med å få økonomien til å strekke til. Ei ny kartlegging som arbeids- og velferdsdirektoratet har gjennomført blant norske kommunar syner at det er ein auke i søknadar om sosialhjelp på om lag 18 prosent frå oktober 2021 til oktober 2022.
Dei minste kommunane opplyser i undersøkinga at talet på søknader har auka med 30 prosent i snitt. I dei store bykommunane som Oslo, Bergen og Trondheim, er den gjennomsnittlege auken på elleve prosent.
Nav vil og kan hjelpe
Direktør i Nav Vestland, Anne Kverneland Bogsnes seier Nav gjerne vil hjelpe dei som no slit med å få økonomien til å strekkje til.
– Vi både vil og kan hjelpe. For dei som har helse til det, kan arbeid vere viktig for å klare seg sjølv økonomisk. Når folk tar kontakt med oss for å få hjelp, kan vi mellom anna hjelpe med å sjå på kva som skal til for å få seg ein jobb, seier Bogsnes.
– Uansett kva som er situasjonen håpar vi at folk tar kontakt med oss i Nav slik at vi saman kan lage ein plan for å betre situasjonen. I tillegg til arbeidsretta oppfølging og økonomiske ytingar, kan vi også hjelpe med økonomi- og gjeldsrettleiing. Disse tenestene er sjølvsagt gratis å bruke, legg Bogsnes til.
Over 3 000 ledige stillingar
Det er over 3 000 ledige stillingar i Vestland i desember. Det er flest ledige stillingar innan i helsesektoren (977), industriarbeid (329) og bygg og anlegg (300).
Arbeidsløysa er høgast i Eidfjord (3,4 prosent), Hyllestad (3,3 prosent) og Ulvik (3,2 prosent). Elleve kommunar i Vestland har ei arbeidsløyse på under éin prosent.
Arbeidsmarknaden i Vestland, desember 2022
| Desember 2022 | Desember 2021 |
Heilt ledige, Vestland | 5 313 1,6 % av arbeidsstyrken | 6 994 2,1 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 2 738 1,8 % av arbeidsstyrken | 3 711 2,4 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 279 | 4 077 |
Ledige under 30 år | 1 431 | 1 808 |
Permitterte, heilt eller delvis | 663 | 2 188 |
Ledige stillingar | 3 178 | 2 384 |
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, mobil 90 52 10 59
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96