Publisert 21. desember 2023
Arbeidsløysa i Vestland held fram med å auke litt i desember. 1,7 prosent av arbeidsstyrken i fylket er heilt ledige.
I desember var 5 899 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Dette er 586 fleire enn på same tid i fjor og utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken. Vestland ligg dermed under landsgjennomsnittet på 1,9 prosent.
Som dei førre månadene er det ein auke i heilt ledige i bygg- og anleggsbransjen. Det er registrert over 870 heilt ledige i bransjen, ein auke på 44 prosent samanlikna med i fjor. Samstundes er det ein nedgang på 25 prosent i utlyste stillingar i same bransje.
– Vi deler bransjen sin uro over aukande arbeidsløyse innan bygg og anlegg også i 2024. Vi ser ut frå både tilbod og etterspørsel at utviklinga skil seg frå andre bransjar, seier assisterande direktør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Fleire flyktningar i jobb
Trass auken, er arbeidsløysa i fylket framleis svært låg. Hysing-Olsen trur det vil halde fram.
– Det er noko usikkerheit knytt til utviklinga, men vi ser jo at det framleis blir lyst ut mange jobbar, og at fleire bransjar slit med å få tak i kvalifisert arbeidskraft, seier Hysing-Olsen.
Ei gruppe som kan bidra til å dekke behovet for arbeidskraft framover, er flyktningar. I november var det rundt 4 000 ukrainarar i arbeidsfør alder i Vestland. Fleire og fleire av desse kjem seg ut i jobb, frå 10 prosent i januar til 18 prosent i desember.
– Kommunane opplyser at det er god overgang til arbeid for dei som fullfører introduksjonsprogrammet. Vi venter at delen som fullfører programmet, vil auke utover våren, seier Hysing-Olsen.
Flest ledige jobbar innan helse
Åtte kommunar i Vestland har meir enn 2 prosent arbeidsledige. Høgast andel ledige har Årdal med 4,7 prosent, Hyllestad med 4,1 prosent og Ulvik med 3,8 prosent.
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Helse- og omsorgssektoren toppar framleis lista over ledige stillingar. Deretter følgjer industriarbeid og bygg og anlegg.
Arbeidsmarknaden i Vestland, desember
| Desember 2023 | Desember 2022 |
Heilt ledige, Vestland | 5 899 personar 1,7 % av arbeidsstyrken | 5 313 personar 1,6 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 172 personar 2,0 % av arbeidsstyrken | 2 738 personar 1,8 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 254 | 2 279 |
Ledige under 30 år | 1 615 | 1 431 |
Permitterte, heilt eller delvis | 911 | 663 |
Ledige stillingar | 3 544 | 3 178 |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Bjarte Hysing-Olsen, fungerande direktør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96