Publisert 3. september 2021 | Oppdatert 3. september 2021
Arbeidsløysa går no raskt nedover i Vestland. Samstundes nærmar 1900 vestlendingar seg slutten på perioden med dagpengar eller arbeidsavklaringspengar.
Ved utgangen av august var 8 619 personar i Vestland heilt arbeidsledige, ein nedgang på 1 275 personar sidan juli. Talet på permitterte arbeidstakarar gjekk ned med 691 personar til totalt 3 512.
Arbeidsløysa i Vestland er no på 2,5 prosent og ligg dermed under landsgjennomsnittet på 2,7 prosent.
Mange står utanfor
– Arbeidsløysa nærmar seg eit nivå som vi kjenner att frå før pandemien. Likevel ligg den godt over tala frå august 2019. Mange har vore ledige lenge og slit med å kome i jobb, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
Ho er bekymra for at arbeidsløysa i Vestland skal feste seg på eit høgare nivå enn før pandemien. Det er særleg unge med låg eller inga utdanning, personar med helseplagar og innvandrarar med språkutfordringar som står langt frå arbeidsmarknaden.
Ytingar går mot slutten
Frå 1. oktober blir særordningane i samband med pandemien avvikla. Dette gjeld både satsen på dagpengar og kor lenge ein kan få dagpengar og arbeidsavklaringspengar (AAP). Det tyder at mange vil få stans eller reduksjon i inntekta frå Nav dei nærmaste månadene.
Over 1200 personar i Vestland når slutten på dagpengeperioden sin i oktober. Dei har då vore ledige i minst eitt år. Ordninga med arbeidsavklaringspengar går mot slutten for nær 700 personar. Dei har siste dag med AAP i september eller oktober.
– Vi vil prioritere å følgje opp dei som snart står utan ytingar. Målet er at så mange som mogleg kjem i arbeid, men for dei som ikkje lukkast kan alternativet bli å søkje om sosialhjelp. Eg vil oppmode til å sjå utanfor sin eigen kommune, for det finst mange ledige stillingar i fylket, seier Bogsnes.
Framleis flest ledige i reiselivet
Hyllestad kommune har den høgaste arbeidsløysa i fylket med 3,7 prosent av arbeidsstyrken. Øygarden kommune har 3,2 prosent og Bergen 3,1 prosent ledige (4 813 personar).
I store delar av fylket er det nærast full sysselsetting. Den lågaste arbeidsløysa i Vestland finn vi i Fedje, som ikkje hadde registrerte arbeidsledige i august.
Reiseliv og transport har flest ledige med 1 155 personar. Deretter følgjer serviceyrke (997), butikk- og salsarbeid (919) og industri (899). I Vestland er det færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (107) og akademiske yrke (113).
På www.nav.no/Vestland finn du tal for alle kommunane i fylket.
Nøkkeltal for Nav Vestland (berre heilt ledige)
| August 2021 | Endring frå juli 2021 |
Heilt ledige | 8 619 | - 13 % |
I prosent av arbeidsstyrken | 2,5 % | - 14 % |
Langtidsledige | 5 559 | - 16 % |
Ledig ungdom under 25 år | 1 147 | + 3 % |
Tilgang på ledige stillingar | 5 311 | Grunna endringar i datakjelde har vi førebels ikkje samanliknbare tal for stillingar. |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, mobil 905 21 059
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 970 89 209