Publisert 9. mai 2023 | Oppdatert 9. mai 2023
Bedriftsleiarar i Vestland fryktar økonomisk nedgang i året som kjem, men svært få vil permittere eller seie opp tilsette. Det viser årets bedriftsundersøking frå Nav.
Etter ein stor opptur i optimismen i fjor, er verksemdene sine forventningar no kraftig redusert. Nesten kvar fjerde av dei som har svart på undersøkinga, trur at 2023 samla sett blir dårlegare enn i fjor. Det er særleg dei økonomiske forventingane som er låge.
– Bedriftene er uroa for omsetning og resultat, og dei har låge forventningar til investeringar. Samstundes ser vi at kvar fjerde verksemd reknar med å tilsette fleire, og svært få ventar permitteringar eller oppseiingar. Eg trur arbeidsgivarane vil strekkje seg langt for å halde på folka sine, fordi det er stor mangel på arbeidskraft i mange bransjar, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
Manglar over 5 000 arbeidstakarar
Ei av fire verksemder svarer at dei har problem med å få tak i nye medarbeidarar med rett kompetanse. Helse- og sosialtenesta manglar flest tilsette, og framfor alt sjukepleiarar. Deretter følgjer transport og lagring, oljeindustrien og overnatting og servering. Totalt manglar bedriftene i Vestland om lag 5 200 arbeidstakarar, mot 5 800 i fjor.
– Mange arbeidsgivarar har god erfaring med å tenke nytt når dei rekrutterer, og eg håpar endå fleire vil gjere som dei. Vi i Nav har mange motiverte kandidatar som gjer ein strålande jobb når dei berre får sjansen i den rette bedrifta. Når vi finn ein god match, kan medarbeidaren få opplæring på arbeidsplassen og kvalifisere seg til fagbrev eller andre formelle krav etter kvart, seier Bogsnes.
Ventar nedgang i eksport
Verksemder som driv i olje- og gassindustrien eller leverer til denne sektoren, er klart meir optimistiske enn andre bransjar. IT-bedriftene er også svært optimistiske, medan bygg- og anleggsverksemder er mest pessimistiske.
Eksportbedriftene i Vestland trur ikkje 2023 blir eit godt år. Heile 31 prosent ventar nedgang i eksporten, medan 4 prosent ventar oppgang.
Ser vi på dei ulike regionane i fylket, peikar Sogn seg ut som mest optimistisk, sjølv om også dei har dempa forventningane kraftig sidan 2022. Verksemder i Midthordland har størst tru på fleire tilsette, noko som kan henge saman med ny næringspark og ny veg mellom Bjørnafjorden og Bergen.
Les meir i Nav si bedriftsundersøking for 2023.
Fakta om bedriftsundersøkinga
- Nasjonal undersøking, gjennomført i februar og mars 2023
- I Vestland svarte 1 004 verksemder, som gir ein svarprosent på 74
- Bedriftene har svart på korleis dei vurderer utsiktene for 2023 samanlikna med 2022 når det gjeld mellom anna marknadsutsikter, resultat, investeringar og talet på tilsette.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, 90 52 10 59
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09