Publisert 28. mars 2023
Halvparten av innbyggjarane i Vestland fekk ein eller fleire stønader gjennom Nav i året som gjekk.
I 2022 betalte Nav ut nær 60 milliardar kroner i Vestland fylke. Dette er 3 prosent meir enn året før. Alderspensjon utgjer den klart største posten med over 31 milliardar kroner.
– Vi får stadig fleire pensjonistar, og dei som går av med pensjon har ofte opptent gode økonomiske rettar. Det ser vi tydeleg igjen i utbetalingane som aukar år for år, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
Ho peikar på at vi blir stadig færre aktive arbeidstakarar per pensjonist. I dag utgjer personar frå 67 år og oppover om lag 15 prosent av befolkninga. I 2060 reknar ein med at dei vil utgjere nærmare 26 prosent, ifølgje perspektivmeldinga frå regjeringa.
Dagpengar er tilbake til normalen
– Difor er det så viktig at alle som kan og vil jobbe får moglegheit til det. Vår oppgåve er å bidra til at verksemder som treng arbeidskraft og menneske som treng ein jobb, finn kvarandre og får ein god match, seier Bogsnes.
Då arbeidsløysa gjekk til vers under pandemien, auka utbetalingane av dagpengar kraftig. No har desse gått ned igjen til same nivå som i 2018.
Utbetalingane av arbeidsavklaringspengar gjekk opp med 11 prosent frå 2021 til 2022. Sjukepengar auka med 7 prosent og uføretrygd med 5 prosent.
Ein tredel av statsbudsjettet
– Heldigvis finst desse støtteordningane for dei som av ulike grunnar ikkje kan jobbe. For oss er det høgt prioritert å samarbeide med personen sjølv, arbeidsgivarar og helsevesenet slik at flest mogleg kan fortsette i jobb eller kome tilbake etter sjukdom, seier Bogsnes.
Ser ein alle utbetalingane i 2022 under eitt, betalte Nav ut 93 000 kroner per innbyggjar i Vestland. Berre Oslo og Rogaland har lågare utbetalingar per innbyggjar.
På landsbasis blei det betalt ut over 526 milliardar kroner. Dette svarar til nesten ein tredel av utgiftene i statsbudsjettet.
Under Relatert innhold finn du tal for kvar kommune.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, 90 52 10 59
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09