Publisert 28. juni 2024
I juni var 5 724 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Det utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken.
Det er 540 fleire heilt ledige enn på same tid i fjor. Samstundes har talet på ledige stillingar auka med nær 30 prosent samanlikna med juni i fjor.
Det var i juni 5 326 utlyste stillingar i Vestland, noko som betyr at det nesten er like mange ledige stillingar som det er arbeidssøkarar. Nær halvparten av stillingane er i Bergen.
– Ikkje nødvendigvis enkelt å få jobb
Butikk- og salsarbeid toppar lista over ledige jobbar, med over 1 410 utlyste stillingar. Deretter følgjer helse, pleie og omsorg (901), bygg og anlegg (457) og reiseliv og transport (379).
Fylkesdirektør i Nav Vestland, Bjarte Hysing-Olsen, seier at mange ledige stillingar ikkje nødvendigvis betyr at det er enkelt å få jobb.
– Mange bransjar har behov for fleire tilsette i ein travel sommar. Mange av desse har få krav til kompetanse. Samstundes er det nok ein viss mismatch mellom kompetansen til de ledige og behova i marknaden. Her er det viktig at arbeidsgivarane og Nav samarbeider godt om kvalifisering av arbeidssøkarane, slik at dei kan fylle dei ledige stillingane, seier Hysing-Olsen.
Stor auke i bruk av lønstilskot
Nav har fleire arbeidsmarknadstiltak som kan bidra til å auke kompetansen til arbeidssøkarar. Bruken av desse tiltaka har auka med over 50 prosent samanlikna med juni i fjor. Det er særleg lønstilskot og arbeidspraksis som blir nytta i større grad enn i fjor.
– Det er veldig positivt at arbeidsgivarar i større grad ser at dei må vere med på kvalifiseringsarbeidet sjølv. Nav har mange hjelpemiddel som kan gjere det enklare for verksemdene å gjere dette, seier Hysing-Olsen.
Berre tre av dei 43 kommunane i Vestland har over 2 prosent arbeidsledige. Det er Hyllestad (3,6 %), Askvoll (2,2 %) og Bergen (2,1 %).
Arbeidsløysa i landet samla er på 1,9 prosent.
Tal for alle kommunane i Vestland ligg under relatert innhald.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96
Fakta
Arbeidsmarknaden i Vestland, juni
| Juni 2024 | Juni 2023 |
Heilt ledige, Vestland | 5 724 1,7 % av arbeidsstyrken | 5 184 1,5 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 273 2,1 % av arbeidsstyrken | 2 879 1,8 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 697 | 2 313 |
Ledige under 30 år | 1 514 | 1 427 |
Permitterte, heilt eller delvis | 496 | 677 |
Ledige stillingar | 5 326 | 4 114 |