Publisert 3. mars 2023 | Oppdatert 3. mars 2023
Arbeidsløysa i Vestland er framleis låg, og mange bedrifter er på jakt etter folk. På arbeidsplassen.no finst over 1 400 ledige sommarjobbar.
Ved utgangen av februar var 6 010 personar heilt arbeidsledige i Vestland. Dette utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken og er så vidt under snittet for heile landet. Arbeidsløysa i fylket har gått ned med over 1 300 personar sidan februar i fjor.
– Det er gledeleg å sjå at reiseliv og transport har få permitterte og langt færre ledige no enn på same tid i fjor. Den generelle arbeidsløysa i fylket har vore nokså stabil sidan sommaren når vi tek høgde for naturlege sesongvariasjonar, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
Helsevesenet treng sommarhjelp
Ho anbefaler ungdom å starte jakta på sommarjobb.
– Arbeidsgivarane er tidleg ute med å annonsere stillingane, og dei som ikkje allereie har fått jobb har ein god sjanse no. Det er særleg mange ledige stillingar i helse- og omsorgssektoren som kan gi verdifull arbeidserfaring, seier Bogsnes.
Ho oppmodar til å følgje med på utlysingar og kontakte bedrifter ein har lyst til å jobbe for. I starten av mars er det utlyst over 1 400 sommarjobbar i Vestland på Nav-tenesta arbeidsplassen.no.
Stor variasjon mellom kommunane
Dei fleste kommunane i Vestland har ei arbeidsløyse på mellom 1 og 2 prosent. Høgast er den i Ulvik (5,1 prosent), Eidfjord (4,7 prosent) og Austevoll (3,8 prosent).
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Talet på utlyste stillingar har gått ned sidan i fjor, men framleis var det over 6 000 ledige stillingar i Vestland i februar. Det er flest ledige jobbar innan helse (1 692), reiseliv og transport (608) og butikk (546).
Arbeidsmarknaden i Vestland, februar 2023
| Februar 2023 | Februar 2022 |
Heilt ledige, Vestland | 6 010 1,8 % av arbeidsstyrken | 7 372 2,2 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 175 2,0 % av arbeidsstyrken | 4 023 2,7 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 319 | 3 975 |
Ledige under 30 år | 1 634 | 1 992 |
Permitterte, heilt eller delvis | 1 145 | 2 756 |
Ledige stillingar | 6 005 | 8 024 |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, mobil 90 52 10 59
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 97 08 92 09