Publisert 23. september 2021 | Oppdatert 23. september 2021
Fire NAV-kontor i Bergen opna igjen for publikum torsdag. NAV ber media innstendig om å la dei tilsette ved NAV Årstad vere i fred.
NAV Bergenhus, NAV Bergen nord, NAV Bergen sør og NAV Bergen vest opna torsdag for fysiske møte med forsterka vakthald. Alle dei fire kontora har dobla talet på vektarar som er til stades på kontoret. I tillegg vil alle brukarar som kjem til samtale, bli møtt av to tilsette. Det er elles opp til kvart NAV-kontor å vurdere andre tiltak basert på eigne risikovurderingar.
NAV Årstad er framleis stengd, og det er ikkje avgjort når kontoret opnar for publikum. Brukarane som soknar til dette kontoret, får tenester frå NAV Bergenhus.
Dei tilsette ved NAV Årstad får hjelp til å bearbeide opplevingane og førebu seg på å kome tilbake på jobb.
– Vi reagerer sterkt på at einskilde journalistar har teke kontakt med tilsette via sosiale media og andre kanalar. Eg vil innstendig be om å la dei vere i fred, både av omsyn til medarbeidarane sjølv og politietterforskinga som framleis går føre seg, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.
Avviksmeldingar siste fem år
– NAV har nulltoleranse for vald og truslar. Tilsette skal melde inn alle uønskte og truande hendingar, seier kommunaldirektør Tommy Johansen.
Dette kan til dømes vere utskjelling, trakassering, truslar og fysiske angrep på personar eller inventar. Det kan vere skriftleg, i telefon eller i fysiske møte.
Dei siste fem åra er det registrert frå 100 til nærmare 250 slike hendingar kvart år i NAV Vestland. Kontora i byane er generelt meir utsette.
NAV Vestland | Bergen | NAV Årstad | |
2017 | 218 | 160 | 35 |
2018 | 247 | 172 | 27 |
2019 | 161 | 100 | 22 |
2020 | 101 | 37 | 18 |
Hittil i 2021 | 84 | 42 | 15 |
Tabellen viser registrerte hendingar i NAV Vestland, kontora i Bergen samla og NAV Årstad spesielt. Tala for 2020 og 2021 er truleg påverka av pandemien.
Under "Relatert innhold" på denne sida finst ei oversikt for alle NAV-kontora i fylket.
Nasjonale tal finst nedst på nettsida «Om sikkerhet i NAV».
For kommentar til meldinga, kontakt:
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, tlf. 90 50 70 96
Pressevakta i Arbeids- og velferdsdirektoratet, tlf. 40 00 31 44
Jostein Hestnes, Etat for sosiale tjenester Bergen kommune, tlf. 481 85 007