Publisert 7. september 2023
Sjukefråværet i Vestland gjekk opp samanlikna med i fjor og utgjer nesten 900 000 tapte dagsverk.
– Vi registrerer ein vedvarande auke dei siste fem åra frå 4,6 prosent til 5,6 prosent sjukefråvær. Dette kan synest lite, men det utgjer svært mange tapte dagsverk i eit stort fylke som Vestland, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
Mindre luftvegssjukdom
Det legemelde sjukefråværet i fylket enda på 5,6 prosent i andre kvartal 2023 mot 5,4 prosent i same periode i fjor. Sjukdomsbiletet har endra seg ved at langt færre har sjukdom i luftvegane. Desse utgjer berre 6 prosent av dei tapte dagsverka, ned frå 27 prosent i fjor.
Muskel- og skjelettplager (34,4 prosent) og psykiske lidingar (24,7 prosent) er dei to store diagnosegruppene. Mykje av auken sidan i fjor kjem blant kvinner.
Fleire er lenge borte frå jobben
– Samla ser vi ein auke som vi ikkje hadde venta no når pandemien er tilbakelagt i denne omgang. Eg er særleg uroa for utviklinga i psykisk sjukdom. Vi ser også at langtidsfråværet aukar, seier Bogsnes.
Ho peikar på at det er viktig å halde kontakt med arbeidsplassen dersom ein klarer det under sjukemeldinga. Ei gradert sjukemelding der den tilsette kan jobbe litt, verkar også positivt for å kome tilbake i arbeid.
Helse- og sosialsektoren har høgast fråvær med 8,3 prosent. Andre store sektorar som undervisning, overnatting og servering, offentleg administrasjon og forsvaret har også auke i fråværet. Eit unnatak er industrien som ligg stabilt på 4,5 prosent.
Sjukefråværet i Vestland, andre kvartal 2023
- Høgast fråvær i kommunane Hyllestad (8,3 prosent), Øygarden (7,0 prosent) og Askøy (6,9 prosent).
- Lågast fråvær i Aurland (3,4 prosent), Gloppen (4,0 prosent) og Solund (4,2 prosent).
- Sjukefråværet i Vestland ligg litt over landsgjennomsnittet på 5,5 prosent.
Tal for alle kommunane i Vestland finst på statistikksidene våre.
For kommentar til meldinga, kontakt
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, 90 52 10 59
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgivar, 97 08 92 09