Publisert 30. november 2023
Sjukefråværet i Vestland gjekk opp samanlikna med i fjor og utgjer nær 878 000 tapte dagsverk.
Det legemelde sjukefråværet i fylket enda på 4,8 prosent i tredje kvartal 2023 mot 4,7 prosent i same periode i fjor. Langt færre er borte frå jobb med sjukdom i luftvegane, medan fråværet grunna psykiske lidingar og muskel- og skjelettlidingar aukar.
Muskel- og skjelettplager (35 prosent) og psykiske lidingar (24 prosent) er dei to store diagnosegruppene. Mykje av auken sidan i fjor kjem blant kvinner.
– Sjukefråværet har auka mest i aldersgruppa 20–39 år, og mykje av auken gjeld sjukefråvær med psykiske lidingar. Eg er særleg uroa for utviklinga i psykisk sjukdom blant unge, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
Bogsnes synast det er positivt å sjå at delen graderte sjukmeldingar aukar i Vestland, frå 19,7 prosent i fjor til 22 prosent i år.
– Ei gradert sjukemelding der den tilsette kan jobbe litt, kan verke positivt for å kome tilbake i arbeid, seier ho.
Helse- og sosialsektoren har høgast fråvær med 6,8 prosent. Andre store sektorar som undervisning, overnatting og servering, transport og lagring og bygg og anlegg har også auke i fråværet.
Fakta om sjukefråværet i Vestland i tredje kvartal 2023
- Høgast fråvær i kommunane Hyllestad (6,3 prosent), Øygarden (6,2 prosent) og Austrheim og Askøy (begge 5,9 prosent).
- Lågast fråvær i Eidfjord, Sogndal (begge 3,7 prosent) og Solund (3,5 prosent).
- Sjukefråværet i Vestland er det same som landsgjennomsnittet på 4,8 prosent.
Tal for alle kommunane i Vestland finst på statistikksidene våre.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, 90 52 10 59
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgivar, 90 50 70 96