Publisert 13. februar 2024
Over 36 000 vestlendingar mottek uføretrygd, viser tal frå Nav.
Uføretrygd skal sikre inntekt til dei som ikkje kan jobbe på grunn av ein varig sjukdom eller skade. Ved utgangen av 2023 var 36 311 innbyggarar i Vestland registrerte med heilt eller delvis uføretrygd. Det er 8,9 prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder, og 585 fleire enn på same tid året før.
Færre uføre søkjer arbeid
Dei seinaste åra har det vore ein nedgang i talet på uføre personar som står registrerte hos Nav som arbeidssøkarar.
Direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland håper at den trenden skal snu.
– Vi ønskjer at dei som mottek uføretrygd, men som gjerne vil jobbe, registrerer seg som arbeidssøkarar hos Nav. Då har vi mogelegheit til å bidra i prosessen. Vi i Nav kan ikkje sjølv oppsøke dei som mottek uføretrygd, men vi hjelper gjerne dei som ønskjer det, seier Bogsnes.
Ho viser mellom anna til tilbodet #syktbrajobb i Bergen, som hjelper uføre under 35 å finne ein jobb som passar for dei.
Høg andel uføre i nokre kommunar
Aldersgruppa over 60 år har langt flest uføre. Medan dei eldre ofte blir uføre på grunn av fysiske plager etter eit langt arbeidsliv, er det mange unge som slit psykisk og blir ståande utanfor skule og jobb.
Ved årsskiftet var 2 396 unge under 30 år registrerte som uføre i Vestland. Det utgjer 2,3 prosent av aldersgruppa totalt.
Med 8,9 prosent uføre ligg Vestland under landssnittet på 10,3 prosent. Samstundes har fleire kommunar i fylket høge uføretal. Vaksdal og Høyanger ligg over 13 prosent, som kan henge saman med industripreg og mange eldre innbyggjarar.
Under Relatert innhold finn du tal for kvar kommune.
For kommentar til meldinga, kontakt
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, 90 52 10 59
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96