Publisert 30. april 2021
Talet på arbeidsledige i Vestland er no på same nivå som i oktober, det lågaste sidan landet stengde ned i fjor vår. I april er 11 530 personar, eller 3,4 prosent av arbeidsstyrken, registrerte som heilt ledige.
Arbeidsløysa i Vestland ligg dermed under landsgjennomsnittet på 4 prosent. Halvparten av kommunane har 2,5 prosent eller lågare arbeidsløyse. I Bergen kommune er 6423 personar heilt ledige, noko som svarar til 4,1 prosent av arbeidsstyrken.
– Eg er optimist med tanke på arbeidsmarknaden utover våren og sommaren. Dersom gjenopninga kan gjennomførast slik regjeringa legg opp til, ventar vi ein solid nedgang i arbeidsløysa dei neste månadene. Ein viktig årsak er at det no er lyst ut over 7000 ledige stillingar, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
Flytting kan gje mulegheiter
- Talet på ledige i Vestland har gått ned med 433 personar sidan mars. Det meste av nedgangen har kome i butikk- og salsarbeid og i bygg og anlegg.
- Talet på delvis ledige har gått ned med 879 til 8101 personar. Her er det nedgang i nesten alle yrkesgrupper, men mest innan butikk og sal.
Bogsnes peikar på at det er ledige jobbar i ei rekkje bransjar, også i reiselivet. Fleire hotell i distrikta søkjer etter kokkar og servicemedarbeidarar, samstundes som fagfolk i bransjen går permitterte eller heilt ledige i Bergen.
– For dei som kan og vil flytte på seg for ein periode, finst det gode mulegheiter for jobb. Det same gjeld dei som vil fullføre eit fagbrev eller fylle på med ny kompetanse og skifte bransje, til dømes til bygg og anlegg, seier ho.
Uvisse om permitterte får jobben tilbake
I april er 7756 personar permitterte i Vestland, ein nedgang på 719 frå mars. Reiseliv og transport ligg langt over andre bransjar med over 2300 permitterte.
– Vi er spente på om dei som har vært permitterte lenge, får kome tilbake i jobb eller ikkje når samfunnet opnar opp. Eg vil oppmode arbeidsgjevarane til å ha tett kontakt med dei medarbeidarane det gjeld og vere opne om framtidsutsiktene, seier Bogsnes.
Fleire har gått ledige lenge
Talet på langtidsledige viser ein liten auke frå mars. Over 1000 personar i Vestland har vore ledige i over to år.
Reiseliv og transport har flest ledige med 2202 personar. Deretter følgjer serviceyrke (1409), butikk- og salsarbeid (1232) og industri ( 1198). I Vestland er det færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (146) og akademiske yrke (159).
Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Ulvik (5 prosent), Aurland (4,4 prosent) og Eidfjord (4,2 prosent). Den lågaste arbeidsløysa i fylket finn vi i Fjaler (1 prosent), Sunnfjord (1,2 prosent) og Årdal (1,3 prosent).
På statistikksida vår finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Nøkkeltal for Nav Vestland (berre heilt ledige)
| April 2021 | Endring frå mars 2021 |
Heilt ledige | 11 530 | - 433 |
I prosent av arbeidsstyrken | 3,4 % | -0,1 % |
Langtids arbeidssøkarar | 6 739 | 98 |
Ledig ungdom under 25 år | 1 465 | -67 |
Tilgang på ledige stillingar | 7 247 | Grunna endringar i datakjelde har vi førebels ikkje samanliknbare tal for stillingar. |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, mobil 90 52 10 59
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 97 08 92 09