Publisert 3. februar 2023
I januar var 6 157 personar heilt arbeidsledige i Vestland. Arbeidsløysa vil truleg auke gjennom året.
Tala for januar viser at 6 157 personar eller 1,8 prosent av arbeidsstyrken i fylket var heilt ledige. Dette er under snittet for heile landet, som ligg på 1,9 prosent.
Arbeidsløysa er framleis låg, men Nav Vestland sin prognose for 2023 syner at den truleg vil auke med om lag 10 prosent i løpet av året. Det er venta at den største auken vil kome i dei bynære regionane. Det skuldast for ein stor del at arbeidsstyrken veks utan at sysselsetjinga klarar å halde tritt. Arbeidsløysa i fylket vil likevel vere lågare enn før pandemien.
Kvalifisering blir viktig
Direktør i Nav Vestland, Anne Kverneland Bogsnes seier det framleis vil vere stort behov for arbeidskraft.
– Helse- og sosialtenester ligg på topp over sektorar som treng arbeidskraft. Jobbutsiktene er også lyse i overnatting og servering, seier Bogsnes.
Det store gapet mellom dem kompetansen arbeidsgivarane treng, og kompetansen arbeidssøkjarane tilbyr gjer at kvalifisering blir eit nøkkelord i 2023.
– Saman med utdanningssektoren og arbeidsgivarane skal vi hjelpe fleire til å få kompetanse som kan gi varig arbeid. Vi har mange gode samarbeid om utdanning som bidrar til kvalifisert arbeidskraft innan fleire bransjar som treng folk. Arbeidsplassen blir også ein viktig arena for opplæring og oppfølging, med arbeidsgivarane som viktige medspelarar, seier Bogsnes.
Store variasjonar mellom kommunane
Talet på utlyste stillingar har gått ned med 21 prosent samanlikna med same periode i fjor. I januar er det likevel nær 7 000 ledige stillingar i Vestland. Det er flest ledige stillingar innan i helsesektoren (2 040), serviceyrke (676) og industriarbeid (636).
Arbeidsløysa er høgast i Ulvik (5,5 prosent), Eidfjord (5,1 prosent) og Austevoll (3,6 prosent). Tjue kommunar i Vestland har ei arbeidsløyse på under 1,5 prosent.
Arbeidsmarknaden i Vestland, januar 2023
| Januar 2023 | Januar 2022 |
Heilt ledige, Vestland | 6 157 1,8 % av arbeidsstyrken | 8 253 2,5 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 220 2,1 % av arbeidsstyrken | 4 470 3,0 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 324 | 4 244 |
Ledige under 30 år | 1 766 | 2 322 |
Permitterte, heilt eller delvis | 1 089 | 3 076 |
Ledige stillingar | 6 982 | 9 160 |
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, mobil 90 52 10 59
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96