Publisert 1. september 2023
Arbeidsløysa i Vestland held fram med å auke litt i august. 1,7 prosent av arbeidsstyrken i fylket er heilt ledige.
Ved utgangen av månaden var 5 718 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Dette er ein auke sidan august i fjor, men framleis under landsgjennomsnittet på 1,9 prosent.
Stor etterspurnad i fleire bransjar
Trass auken, er arbeidsmarknaden framleis god i Vestland. Nye analysar frå Nav syner at 17,8 prosent av alle i yrkesaktiv alder i Vestland står utanfor arbeidsmarknaden. Det er lågast i landet.
– Det er veldig positivt å sjå at fleire er komne i aktivitet. Spesielt viktig er det at vi klarar å inkludere fleire unge, fordi konsekvensane er så store for dei som faller utanfor i ung alder, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.
– Tala syner at vi har ein arbeidsmarknad i Vestland som både har høve og lyst til å gi dei som står utanfor en sjanse i arbeidslivet. No som det er stor etterspurnad etter arbeidskraft i fleire bransjar oppmodar eg arbeidsgivarar til å sjå til gruppene som framleis står utanfor. Flyktningar frå Ukraina og andre deler av verda er blant dei. Hugs at Nav kan bidra med lønstilskot eller andre ordningar for dei som har behov for det, seier Bogsnes.
Mange kommunar har under 1 prosent arbeidsløyse
Sjølv om talet på ledige stillingar går ned samanlikna med august i fjor, er det framleis mange utlyste stillingar. Det er flest ledige jobbar i helsesektoren (825), reiseliv og transport (497) og butikk- og salsarbeid (393).
Det er flest ledige innan bygg og anlegg (706), industri (577) og reiseliv og transport (568).
15 av kommunane i Vestland har ei arbeidsløyse på 1 prosent eller mindre. Høgast ligg Hyllestad (4,6 prosent), Osterøy (2,3 prosent) og Årdal (2,2 prosent).
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Arbeidsmarknaden i Vestland, august 2023
| August 2023 | August 2022 |
Heilt ledige, Vestland | 5 718 personar 1,7 % av arbeidsstyrken | 5 344 1,6 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 193 personar 2,0 % av arbeidsstyrken | 2 905 1,9 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 3 197 | 2 698 |
Ledige under 30 år | 1 630 | 1 539 |
Permitterte, heilt eller delvis | 647 | 345 |
Ledige stillingar | 3 750 | 4 758 |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, mobil 90 52 10 59
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96