Publisert 31. mars 2023 | Oppdatert 31. mars 2023
Trass i urolege tider er arbeidsløysa svært låg, viser tal frå Nav. I mars var 1,7 prosent av arbeidsstyrken i Vestland heilt ledige.
Ved utgangen av månaden er 5 835 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Dette er ein nedgang på nær 700 personar sidan mars i fjor og litt lågare enn snittet for landet.
– Mange arbeidsgivarar slit med å finne nok kvalifiserte fagfolk. Eg vil oppmode bedriftene til å samarbeide med oss i Nav om å finne kandidatar, og å tilby opplæring på arbeidsplassen til motiverte søkarar. Det finst mange flinke folk som fortener ein sjanse sjølv om dei ikkje fyller dei formelle krava frå dag ein, seier assisterande direktør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Tyngre i bygg og anlegg
Vel 1 100 personar i Vestland var heilt eller delvis permitterte frå jobb i mars. Nav har motteke få varsel om permitteringar.
– Vi ser ein tendens til at oppturen i bygg- og anleggsbransjen flatar ut. Her har talet på ledige og permitterte gått litt opp sidan i fjor. Elles manglar dei fleste bransjane folk, og vi ventar ikkje nokon stor auke i arbeidsløysa fram mot sommaren, seier Hysing-Olsen.
Talet på ledige stillingar har gått ned sidan rekordvåren 2022, men er framleis høgt. I Sogn blei det til dømes lyst ut over dobbelt så mange stillingar som det var ledige personar i mars.
I alt blei det lyst ut 5 669 stillingar i Vestland. Det er flest ledige jobbar i helsesektoren (1 743), industrien (515) og innanfor reiseliv og transport (483).
Åtte kommunar over to prosent
Sidan i fjor har arbeidsløysa gått mest ned i Bergen og nabokommunar som Øygarden og Alver. Stord har også ein tydeleg nedgang i talet på ledige.
Berre åtte av kommunane i Vestland har ei arbeidsløyse på to prosent eller meir. Høgast er talet i Ulvik (4,9 prosent), Austevoll (3,4 prosent) og Eidfjord (3,3 prosent).
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Du finn også tal fordelt på kommunar under Relatert innhald.
Arbeidsmarknaden i Vestland, mars 2023
| Mars 2023 | Mars 2022 |
Heilt ledige, Vestland | 5 835 1,7 % av arbeidsstyrken | 6 505 1,9 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 054 1,9 % av arbeidsstyrken | 3 468 2,2 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 262 | 3 697 |
Ledige under 30 år | 1 596 | 1 666 |
Permitterte, heilt eller delvis | 1 154 | 2 107 |
Ledige stillingar | 5 669 | 9 203 |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Bjarte Hysing-Olsen, assisterande direktør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09