Publisert 1. mars 2024 | Oppdatert 1. mars 2024
Vestland fylke har nesten like mange ledige stillingar som arbeidssøkarar, viser tal for februar. Ukrainske flyktningar kan vere ein del av løysinga for å dekke behovet for arbeidskraft.
I februar var 6 602 personar registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland. Dette er 592 fleire enn på same tid i fjor og utgjer 1,9 prosent av arbeidsstyrken i fylket. Talet på ledige stillingar har auka etter ein nedgang sist haust og var oppe i 6 350 i februar.
– Vi reknar med at den svake auken i arbeidsløysa vil halde fram slik dei økonomiske prognosane ser ut no. Hovudinntrykket er likevel at arbeidsmarknaden held seg stabil. Når vi nærmar oss éin ledig jobb per arbeidsledig, er det tydeleg at arbeidsgivarar må kjempe om søkarane. I tillegg går vi mot ein sesong med aukande etterspurnad etter folk, seier direktør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Treng kvalifisering
Auken i arbeidsløyse sidan i fjor rammar i all hovudsak mannsdominerte sektorar som bygg og anlegg, industri, lager og transport. 500 fleire menn er ledige no enn i februar 2023.
– Ei stor utfordring er at rundt kvar tredje av dei ledige har grunnskulen som høgste utdanning. Difor er intern opplæring på arbeidsplassen eit viktig tiltak for å flytte folk frå reservebenken inn i arbeidslivet. Vi ser mange eksempel på arbeidsgivarar som tilset folk for å kvalifisere dei internt, gjerne med støtte frå Nav, seier Hysing-Olsen.
Mange ukrainarar er klare for jobb
To år etter den russiske fullskala-invasjonen er vel 4 600 ukrainske flyktningar i yrkesaktiv alder busett i Vestland fylke. 753 av desse, eller 16 prosent, har fått seg jobb. Målt i faktiske tal er Vestland det fylket der flest ukrainske flyktningar er i arbeid. Talet på registrerte arbeidssøkjarar frå Ukraina er no oppe i 1 042 personar, kor 406 deltek i ulike tiltak for å kome i jobb.
– Vi ser at stadig fleire fullfører introduksjonsprogrammet og blir klare for jobb. Nokre er veldig etterspurde, for eksempel ingeniørar, medan andre har større utfordringar med å få innpass på arbeidsmarknaden. Språk er ofte nøkkelen, og det aller beste er å lære norsk på arbeidsplassen. Her er mange dyktige folk som har mykje å tilføre, seier Hysing-Olsen.
Arbeidsmarknaden i Vestland, februar
| Februar 2024 | Februar 2023 |
Heilt ledige, Vestland | 6 602 personar 1,9 % av arbeidsstyrken | 6 010 personar 1,8 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 564 personar 2,2 % av arbeidsstyrken | 3 715 personar 2,0 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 447 | 2 319 |
Ledige under 30 år | 1 843 | 1 634 |
Permitterte, heilt eller delvis | 1 447 | 1 145 |
Ledige stillingar | 6 350 | 6 005 |
Arbeidsløysa i Vestland ligg under landsgjennomsnittet på 2,1 prosent. 31 av kommunane i Vestland har under 2 prosent ledige. Høgast andel ledige har Ulvik med 4,4 prosent, Årdal med 3,9 prosent og Aurland med 3,0 prosent.
Under "Relatert innhold" på denne sida finn du tal for alle kommunane.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, direktør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09