Kven går av med AFP?
Nav-rapport 3-2008
Av Linda Hauge og Thorbjørn Årethun
I denne rapporter ynskjer vi å få betre kunnskap om kva som gjer at folk vel tidlegpensjonering framfor å stå lenger i arbeid. Kva kjenneteiknar dei som ynskjer å pensjonere seg tidleg, kva kjenneteiknar dei som vel å stå lenger i arbeid og kva faktorar påverkar vala deira? Datagrunnlaget for analysen er i stor grad henta frå Nav sine ulike register.