Unges tilknytning til arbeidslivet
Nav-rapport nr. 3-2013
Av Jorunn Furuberg og Sigrid Myklebø
Denne rapporten tar føre seg resultat frå prosjektet «Unges tilknytning til arbeidslivet», som delvis er finansiert gjennom programmet «FARVE» i Arbeids- og velferdsdirektoratet. Hovudtema i rapporten er: Kva kjenneteiknar unge som er arbeidslause? Tiltaksbruk blant unge arbeidssøkjarar. Kva for oppfølging frå Nav treng dei unge? Korleis er oppfølginga organisert? Oppfølgingsmetodikken i Nav. Kva skjer med dei unge etter ein periode som arbeidslaus?
Deler av rapporten er også publisert tidlegare, i to artiklar i Arbeid og velferd nr. 3-2012 og to artiklar i Arbeid og velferd nr. 1-2012.
Ved hjelp av deskriptiv statistikk og resultat av ei kvalitativ intervjuundersøking blant rettleiarar som arbeider med oppfølging av unge ved Nav kontora, presenterer rapporten kjenneteikn ved unge arbeidslause og tiltaksdeltakarar. Rapporten tar òg føre seg dei tilsette ved Nav si meining om korleis oppfølginga av unge er organisert ved Nav, utfordringar og dilemma i dette arbeidet og korleis dei meiner oppfølginga av unge bør vera. I dei kvantitative delane av rapporten presenterer vi kjenneteikn ved unge som vart arbeidslause i etterkant av finanskrisa, samanlikna med unge som vart arbeidslause i ein tidlegare nedgangskonjunktur og i ein oppgangskonjunktur. Rapporten ser òg på kva som skjer med dei unge i etterkant av ein periode som arbeidslaus.
I dei delane av rapporten som ikkje er publisert tidlegare finn vi at om lag tre firedeler av dei unge som vart arbeidslause ikkje er registrert hos Nav to år seinare. Utdanning utover grunnskolenivå og tidlegare arbeidserfaring er viktige kjenneteikn ved unge som er i arbeid i etterkant av ein periode som arbeidslaus. For dei åra vi har med i vår analyse observerer vi ein auke i prosentdelen av dei tidlegare arbeidslause som er registrert med nedsett arbeidsevne hos Nav.